Hopp til hovedinnhold

Innerst glitrar isbreane mellom frodige dalar, og naturen kan ta pusten i frå deg. Kystkulturen er spesiell, og fiskeværa fortel mange historier om svunne tider. Lengst ute tronar Vestkapplatået mot det mektige Stadhavet. I midtre Nordfjord blomstar kulturlivet, og om du koblar kulturlivet med lokalmat, får du eit innblikk i vår unike kulturarv og lære om korleis Nordfjord har blitt som det er i dag.

Nordfjord ligg lengst nord i Vestland fylke, og fjorden med same namn strekkjer seg frå Stadhavet og 106 km inn i landet til Stryn. Regionen består av Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger.

Nordfjord er eit vandremekka, med fleire hundre merka turløyper i variert natur. Bli med på brevandring, stå på ski på legendariske Stryn Sommerski, eller prøv ut eit at dei mange alpinanlegga som er opent på vinterstid. Opplev den mektige utsikta frå fjellet Hoven 1011 m.o.h ved å ta Loen Skylift opp på 5 minutt.

Det er kort veg til Stad, der du kan prøve surfebrettet og vandre i det spesielle kystlandskapet. Nordfjord er og ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. Sykling på Haugsvarden gir deg fantastisk utsikt over Nordfjord, eller du kan oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også eit eldorado for fiske, både i vatna, lakseelvane, fjorden og havet.

Nordfjord Folkemuseum er ein av stadane du kan oppleve vår unike kultur. Besøk eit av verdas største vikingskip på Sagastad eller dra ut til den sagnomsuste øya Selja for å sjå klosterruinane. Sør for sjøklippa Hornelen kan du reise heile 6000 år tilbake i tid ved å sjå Vingenfeltet, eitt av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa.

Springfulness

Visste du at vårens lyder, lukter og syn produserer serotonin i hjernen som skaper en unik form for lykke? Vi kaller det SPRINGFULNESS.

Finn ut mer
An icon of trees

La deg inspirere

Er du ute etter familievenlege opplevingar, nye eventyr eller ein avslappande tur med din kjære? – Nordfjord har opplevingar for alle!

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitnordfjord

Følg oss

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram

  • YouTube

    YouTube