Hopp til hovedinnhold

Det er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er mellom anna kjent for den storslåtte renessansehagen med eit vell av roser og den romantiske landskapsparken med det omkringliggjande kulturlandskapet.
Kulturprogrammet som vert offentleggjort kvart år i mars byr på konsertar, borggårdsteater, kammermusikkfestival og kunstutstillingar. På Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus er det rom med frukost og middagstilbod i sesongen mai-september.

Fjord, fjell og fonn

Rosendal er omkransa av vakker natur, med rikt jordbruk og høge fjell. Bygda er utgangspunkt for mange flotte turar, der Melderskin, Skålafjell og Malmangernuten er blant dei mange populære vandringsturane. Kjem du med eigen båt til Rosendal, finst gjestehamna midt i sentrum.
Skålagato byr på koselege kafear, butikkar og hotell.


Fjordcruise frå Bergen til Baroniet Rosendal

Opplev den flotte sightseeingturen frå Bergen / Os til Rosendal med fjord, fjell og fossefall! Endestasjonen er bygda Rosendal, hvor det er en liten spasertur opp til Baroniet Rosendal. Billettar kjøper du i turistinformasjonen i Bergen eller på nettsida til Baroniet Rosendal.

Les meir og book billettar her.

Kommende arrangementer

Stader i nærleiken av Rosendal

Om du er på dagstur, eller blir fleire dagar - her er tips til andre stader å leggje til på ruta di.