Då isen trekte seg tilbake etter den siste istida for rundt 10.000 år sidan, var det her ute på kysten dei første menneska busette seg. Med båt og fangstreiskap skaffa dei seg mat, med båten kunne flytte på seg og halde kontakt med folk på andre øyar og i fjordane. Gjennom tusenvis av år har det handla om havet og grøda frå den blå åkeren. 

Båt og kystkultur set sitt preg også i dag både i samfunnet og på musea i området. Helleristningar og vikingskip, jekteskute og ishavsskute fortel om fortida, medan verft, fiskebåtar og offshoreskip viser dagens kystkultur og eit folkeslag som har blikket retta utover og kombinerer eldgamal kunnskap om havet med framtidsretta høgteknologi. Besøk gjerne Ishavsmuseet på Hareid og Herøy kystmuseum i Herøy for å lære meir om tradisjonar


Lundefugl og gullskattar

Yst ute i havgapet i Herøy kommune ligg den sagnomsuste fugleøya Runde. Øya har ca.150 fastbuande innbyggarar, men frå april til august kvart år, er det hekkesesong, og meir enn 100.000 fuglar inntek øya. Rundt 80 arter hekkar på fugleøya, og over 230 arter er registrert på Runde i alt. Den majestetiske havørna kan du observere heile året, men for å oppleve lundefuglen, så må du kome mellom byrjinga av april og august. Kvar sesong har si særeigne oppleving. 

Runde har eit fint turterreng, og ein vandretur ut til det historiske fyret, der fyrvoktarbustaden i dag er ei DNT-hytte, kan anbefalast. Der kan ein virkelig oppleve kreftene til storhavet på haust og vinter. Det røffe veret gjorde også til at det nederlandske handelsskipet Akerendam forliste ei vinternatt i 1725, lasta med store mengder myntar. Først nesten 250 år seinare gjorde tre dykkarar eitt av dei største myntfunna i Europa, kjent som Rundeskatten. Delar av skatten kan du sjå på Runde Miljøsenter. 

Byar og tettstader i regionen

Ulsteinvik - Fosnavåg - Hareid

Kystlandskapet

Her finn du lettgådde kystfjell, lyngheiar og eit øyrike med eit mylder av store og små øyar, holmar og skjer. Mange av øyane er knytte saman med bruer og vegar som er ei oppleving i seg sjølv å køyre på. Opplev gjerne øyane frå sykkelsetet, på ein havsafari med RIB, fot- eller fisketur. Kva med eit gourmetmåltid på Kami Skotholmen, ein restaurant du kun kjem til med båt frå Fosnavåg, eller kanskje du vil padle kajakk dit? Overnatt i havgapet på Sandsøya, Tunheimsfjøra, Flø, Fosnavåg eller på andre av dei små stadane her ute, og få med deg solnedgongen frå for eksempel Mulevika eller Hidsneset.

Korleis kjem du deg til Runde og søre Sunnmøre

Det er to flyplassar i nærheita, Ørsta - Volda lufthamn og Ålesund lufthamn Vigra. Begge med gode innanlandsforbindelser. Ålesund har i tillegg og gode forbindelser til utland heile året.

Du kan og velge den spektakulære sjøvegen, med Hurtigruten eller Havila Kystruten. Desse stoppar i Torvik, 10 minutt frå Fosnavåg. 

Offentleg transport: Buss frå Bergen og Oslo korresponderer med buss til for eksempel Hareid, UIsteinvik og Fosnavåg. I tillegg til turar frå Ålesund med “Travel like the locals”.

Om du vil køyre bil, så er øyane knytte saman til fastlandet med undersjøisk tunnell til Ørsta, eller med ferje frå Hareid til Sulesund i retning Ålesund. Det er også gode ferjesamband sørover mot Nordfjord.

An icon of trees

Reiseinspirasjon

Les meir om regionen og finn inspirasjon til å planlegge turen din.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.

Kva skjer på søre Sunnmøre

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Runde & Sunnmørskysten.

#visitalesund

Visitalesund

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund