Valldal har eit godt klima, og i sommarsesongen kan du nyte frukt, bær og grønsaker som kan kjøpast direkte frå bonden. Gjennom kommunen går Nasjonal turistveg Trollstigen - Geiranger. Langs denne strekninga finn du spektakulære arkitektoniske utsiktspunkt som til dømes Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei særeigne naturkvalitetane gjer at delar av kommunen både er ein del av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv, i tillegg til fire naturreservat og fleire landskapsvernområde.

Mange kjem til området på grunn av det store utvalget av aktivitetar for både barn og vaksne, og på alle nivå. Her kan ein oppleve kajakkpadling, rafting, juving, fjellturar, klatring for heile familien og toppturar på ski. For dei som er ute etter eit adrenalinkick, kan ein prøve rappellering ned den 96 meter høge Zakariasdammen. Ta også turen til vakre Tafjord, eit område som er litt mindre kjend som UNESCO verdsarv enn storebror Geirangerfjorden. Valldal er også startpunktet for pilegrimsleia Valldalsleia. 


Bygder og tettstader kring Valldal


Fjørå - ei grøderik bygd. Her er lett tilkomst til fjord og fjell med fiske og turterreng. Eit populært turmål er å gå frå Hauge og opp på Ruggå og vidare opp på Mefjellet. Herifrå har du fantastisk utsikt over bygdene, Tafjorden og fjella rundt. 

Tafjord - er eitt av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella. Tafjord er også kjent som vasskraftbygda, og demninga Zakariasdammen er eit populært besøksmål. 

Norddal - her ligg mellom anna den idylliske Herdalssetra midt i hjartet av verdsarvområdet – Vestnorsk fjordlandskap, med 300 års ubroten setertradisjon. Setra tilbyr gards- og seteropplevingar og økoturisme. Du kan også fiske i det idylliske Herdalsvatnet, eller i dei mange fjellvatna ovanfor setra. Nede i bygda finn du mange lokalmatprodusentar. 

Eidsdal - eit veleigna utgangspunkt for fjellturar både sommar- og vinterstid i variert terreng. Den freda husmannsplassen Severinbrauta er eit populært besøksmål. Her er det bevart bygningar, hage, slåtteng og inventar i si opprinnelege form frå 1870-talet.  

Stordal - på Overøye ligg Arena Overøye skisenter med skiheiser og alpint-nedfarter, og herifrå går også kilometervis med flotte preparerte langrennsløyper i vintersesongen. 
Rosekyrkja med dei makelause innvendige dekorasjonane er verdt eit besøk.

Dyrkorn - ligg flott til ved Storfjorden og strekkjer seg bratt oppover fjellsida. Øvst i bygda ligg fleire gardar, og landbruk er ein viktig leveveg. Her kan du besøkje den tradisjonsrike setra Gjerdstølen eller gå tur på ein av fjelltoppane som Dyrkorn ligg omkransa av. 


Korleis kjem du deg til Valldal?

Det er flere måter å komme seg til Vall, både med offentleg transport eller eigen bil.

Nærmaste flyplass er Ålesund Lufhamn Vigra, ca 1,5 time frå Valldal. Gode nasjonale og internasjonale forbindelsar.

Buss: Fleire avgongar for dag frå Ålesund. Om sommaren også frå Åndalsnes.

Tog: Tog til Åndalsnes og buss over Trollstigen til Valldal om sommaren

Bil: 1,5 time frå Ålesund

An icon of trees

Reiseinspirasjon

Vil du bli med på eventyr? Her har vi noko som kan friste heile året for alle.

Aktivitetar og attraksjonar i Valldal

Finn ditt eventyr enten du vil på fjellet eller på vannet. Her er noko for alle aldre enten du reiser med familien eller med vennegjengen.

Mefjellet

Frå Valldal sentrum køyrer du vegen mot Tafjord gjennom den 1 km lange tunellen og held fram til Fjørå. Der tek du av og køyrer etter vegen som er skilta til Selboskar.  Vegen slyngjer seg  4km bratt opp gjennom lia til den flatar ut på Hauge, knapt 400 m.o.h.  Her finn du skilta parkeringsplass på høgre side. Frå parkeringsplassen startar vandreturen. Følg vegen til fots ytterlegare 400 meter og ta så av til venstre og følg traktorvegen som går heilt til Nysetra (ca. 750 m.o.h) som du ser i himmelsjå.  Undervegs, og frå setra, har du storslått utsikt tilbake mot Fjørå og Norddalsfjorden mot Linge og Eidsdal så vel som innover Tafjorden. Frå setra held du fram etter skilta og merka sti mot Mefjellet. Stien går rett opp frå setra og følgjer den markerte ryggen heilt til toppvarden på Mefjellet (1100 mo.h.) Her blir du belønna med flott utsikt over Valldalen og fjella rundt. Turen kan også utførast med mountain bike. Om du ikkje vil gå heilt same ruta tilbake kan du følgje ryggen over Mefjellet ned på andre sida. Der vil du finne ein sti som fører deg tilbake til Nysetra. Frå Nysetra kan du også leggje turen tilbake til parkeringsplassen om Ruggå. Då tek du av frå trakotorvegen i den første svingen etter setra på veg ned. Der finn du ein skilta og merka sti til Ruggå. Tidsbruken er omlag den same. Turen til Mefjellet er også ein fin skitur vinterstid. For den som er på jakt etter meir ekstrem aktivitet, blir det årleg arrangert eit motbakkeløp til toppen av Mefjellet ("Mefjellet Opp") med start ved fjorden i Fjørå.

Planlegg reisen din!

Vil du oppleve dype fjorder, høye fjell, landskap som tar pusten av deg, kultur og de ekte, vestnorske smakene? Da har du kommet på rett sted!

Finn aktiviteter, overnattingssteder, kulturopplevelser og spisesteder for å fylle ferien din med det beste av hva Vestlandet kan by på.

#visitalesund

Visit Ålesund & Sunnmøre

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund