Hopp til hovedinnhold

Det mest unike med Voss er at ein kan gå frå rå naturopplevingar til bystemning på 15 minutter. På Voss kan du starte dagen med å jakte pudder på Hangurstoppen, deretter kan du hoppe inn i ein gondol og straks står du i sentrum klar til å nyte ein chili cappuccino og ei kunstutstilling.

Voss sentrum vert kalla for «Vangen». På Vangen finn du eit stort utval av butikkar, koselege kafear, restaurantar og ulike nisjebutikkar. Eit levande sentrum er viktig både for lokalbefolkninga og dei tilreisande derfor er nok Vossingane ekstra stolte over sitt sentrumsområde. Vangen har det meste - korte avstandar til store opplevingar.

Matkultur står sterkt på Voss og bygda vår er kjent for nettopp dette. Ei reise til Voss byr på unike kulinariske opplevingar. Dei fleste restaurantane har fokus på lokale råvarer og kortreist mat. Vangen Café er blant dei som nytter lokale råvarer og leverandørar. Dei ligg midt i sentrum og lagar tradisjonelle rettar frå botnen av! I sentrum finn du også Park Hotel Vossevangen som har eit av verdas beste og største vinkart.

Kvart år blir det også arrangert ein eigen matfestival i sentrum – Smalahovesleppet. Festivalen har lang tradisjon på Voss og er ein folkefest både for Vossingar og tilreisande. Matfestivalen har blitt utvida mykje sida dei fyrste åra og no inkluderar festivalen kjekke aktivitetar for alle. Det er torgdag, moteshow og sjølvsagt smalahovemiddag hjå dei fleste restaurantane. For barn er det eige show, musikk og sykkelløyper på Vangen på dagen.

Et merkeikon

Les meir om Voss

Voss er eit eldorado for aktivitetar både vinter og somar.

Kommende arrangementer