Hopp til hovedinnhold

Voss er aktivitetsbygda framfor nokon og vert gjerne hugsa som skibygda og ekstremsportsbygda, for vår vakre natur og unike kultur og vår sterke matkultur.

Ekstremsportmiljøet lar deg ta del i dei sterke opplevingane på ein trygg og god måte. Alle kan få prøva seg på tandem fallskjermhopp, vindtunnelen, rafting, klatrepark, stisykling og padling. Bygda er kanskje fylt av lokale våghalsar, men byr så absolutt på aktivitetar tilrettelagt for alle små og store eventyrarar.

Ei reise til Voss byr også på unike kulinariske opplevingar. Tørr du prøve deg på smalahove?

Voss har ei rik kulturhistorie som er godt ivareteken. Besøk Vangskyrkja frå år 1277 eller Finnesloftet, ein gildesal frå middelalderen!

Bordalsgjelet er eit stort juv, forma gjennom tusenvis av år og ligg i gåavstand frå sentrum. Voss har også mange store og flotte fossar å besøke - som Tvindefossen eller Skjervsfossen.

Vandring og fjellturar er veldig populært i regionen. Voss Gondol tek deg frå Voss stasjon og opp til Hangurstoppen på 820 moh. Her er fjellet tilgjengeleg for alle også dei med nedsett funksjonsevne.

Om vinteren vert Voss forvandla til eit vintereldorado med to ulike skianlegg og kilometervis med langrennsløyper. Voss er ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Noreg. Voss Resort og Myrkdalen har til saman nesten 70 kilometer med alpinløyper.

Vel deg eit vossaeventyr og du vil neppe angre. I denne Vestlandskommunen ligg alt til rette for ein aktiv Noregsferie - både til lands og til vanns, og i lufta med.

Velkomen til Voss!

Springfulness

Visste du at vårens lyder, lukter og syn produserer serotonin i hjernen som skaper en unik form for lykke? Vi kaller det SPRINGFULNESS.

Finn ut mer
An icon of trees

Utforsk Voss og Vestland

Oppdag naturen og aktivitetar på Voss – heile året.

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

#visitvoss

Følg oss

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram

  • YouTube

    YouTube