Sunnfjord - det nye skiparadiset
Sunnfjord er kjent for flotte bunader og fjordlandskap, men har du sett skimulighetene her?
Planlegg påske i Fjordkysten og Sunnfjord. Skitur, vandring, museum og fleire spennande opplevingar ventar på deg
Sunnfjord er blant dei mest nedbørsrike områdene i landet, og brelandskapet sikrar at nedbøren kjem med deilig, kald snø. Her finn du fantastiske moglegheiter for randonee og topptur, samt frikøyring og familievennelge bakkar ved skisentera.
Lei av snø og vinter? Reis til kysten og kom våren i møte. Besøk dei sjarmerande øysamfunna, fjordbygdene og dei små kystbyane, og utforsk den vakre naturen.
Skap gode ferieminner for heile familien i påska. Her kan barna prøve seg på ulike aktivitetar i Kvernsteinsparken, prøve coasteering og oppleve naturen frå ein heilt ny vinkel, eller padle på vakre Kjøsnesfjorden.
Endeleg kan du få tida til å gå på spennande utstillinger. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har tre etasjer fulle av utrykk for levd liv, som du kan oppleve, tolke og gruble over. Vandre i Måløy sine flotte gater. Her finn du flott kunst som representera den flotte kystkulturen i Vågsøy.
Er du på utkikk etter ei overnatting utanom det vanlege? Bu i vakre Elvasuiter, fyrovernatting eller historiske overnattingar. Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.