Vintereventyr i FjordKysten og Sunnfjord

Velkomen til den rå, ufiltrerte delen av Norge. Ein region der vinterstormane i Norskehavet møter fastlandet. På 2 timar kan du reise frå stormopplevingar i vest til puddersnø i dalane.

© Reisegutta

Rått, røft og full av kontrastar

I vinterhalvåret visar kysten seg frå sin mest mystiske og magiske side. Himmelen og havet er i kontinuerleg endring med nye fargar og stemningar kvart minutt. Det stadig skiftande lyset sørga for at naturen aldri blir kjedelig.

Det er ofte rett i etterkant av ein storm at ein får oppleve dei kraftigaste bølgane slå mot land. Dette er tidspunktet for å ta ein tur ut og kjenne på naturkreftene og sjå på naturens magiske forestilling!

Frå storm til snø

... Og når stormane i vest rullar over landet, så snør det i Sunnfjord, takka vere nærleiken til Jostedalsbreen. Sunnfjord er ei lite trafikkert perle, og er eit av områda i vårt fagre land med mest nedbør.

Toppar og dalføre i fleire retningar gjer at det alltid er mogleg å finne god snø og tilgjengelege sider, sjølv ein stund etter at snøen har falt. I Sunnfjord finn du eit variert terreng med nedkøyring av ulik vanskegrad, både for dei som er ferske på ski eller dei som ønskjer seg litt meir utfordringar.

Vinter i FjordKysten og Sunnfjord

På 2 timar kan du reise frå stormopplevingar i vest til puddersnø i dalane. Finn inspirasjon til eventyrlige vinteropplevingar her

«Vinteren kjem med mykje og varierande vêr, og ikkje så reint sjeldan også mykje nedbør. På den positive sida skapar han også eit fantastisk samspel mellom landskapet og lyset»

© Visit FjordKysten

Jølstravatnet - aldri tom for moglegheiter

På vinteren finn du mange moglegheiter rundt Jølstravatnet. Terrenget er prega av alle dalane som snor seg rundt vatnet i ulike retningar, og nærleiken til Jostedalsbreen. Her finn du toppar på mellom 1200 og 1800 meter over havet, med fine nedkøyringer for alle nivåa.

Her går du rett og slett ikkje tom for moglegheiter
© Friflyt

Vårsol og topptur på Gaularfjellet

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet er eit perfekt utgangspunkt for toppturar både vinter og vår. Når vegen opnar om våren opnar det seg også mange moglegheiter for fantastiske opplevingar i vårsola. Men vinteren har også mykje å by på. Med fella på når du toppar som Sunnfjordbjørnen, Blåfjellet og Geitebotsfjellet.

Etter ein fin skidag er det godt å kunne unne seg god mat og drikke

FjordKysten og Sunnfjord har fleire overnattingsmoglegheiter, som spenn frå hotell og spa til campinghytter. Her finn du noko for ein kvar smak og budsjett