Plassen ligg solvendt midt i fjorden, og dei fire romslege hyttene er plassert berre eit kort steinkast frå fjorden og har ei av dei mest praktfulle utsiktene i Nordfjord. På sommaren kan du nesten ta på dei store cruisebåtane som dagleg seglar forbi. Her kan du sitte ved strandkanten å sjå fire fjordar møtast, bade, nyte sola som speglar seg i klukkande bølgjer, eller saman med familie eller vener ta kortare eller lengre dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og på Sunnmøre.

På vinteren er det ein god stad for familie og vener å bruke kveldane etter hektisk vinteraktivet, enten du vil har vore i alpinanlegga ved Harpefossen eller på Utvikfjellet, eller dei mange andre turhøva i oppkøyrde løyper eller urøyvd natur i Nordfjord.

Den som ønskjer ein tur på fjorden, enten for å fiske, sjå, eller for å slappe av, kan leige ein av campingplassen sine båtar.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6778
    • Lote
    Telefon:
    E-post:
    camping@arskog.no
    Nettside:
    www.arskog.no/

    Hvor er Årskogvika Camping?