Hopp til hovedinnhold

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by - Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. I sentrum av Florø er det tilrettelagt for bubilparkering. Du finn ein ved Florø Bil & Havneservice og ein ved Florø Stadion.

FLORØ BIL & HAVNESERVICE

Her finn du godt oppmerka parkeringsplassar der ein kan parkere bubilar på midten av parkeringsplassen, ved gjeret mot aust og ved grasbakken mot sør. Ved bubilparkeringa finn du 6 straumuttak. Parkeringsplassen ligg ein liten spasertur frå Florø.  Adresse: Strandavegen 19, 6900 Florø.

Pris per døgn er 250,- og det er tilgang på straum og vatn. Det er eit servicebygg ca. 5 minutts gange frå parkeringa. Servicebygget har dusj, toalett og vaskemaskin. For kode til bygget, ta kontakt med turistinformasjonen. Det er 6 straumuttak på parkeringa. Her er det mogleg å doble kapasiteten ved behov. Det er moglegheit for tømming av septik ved parkeringa, og Florø bil og hamneservice sel gassflasker. Sjå meir informasjon om gassflasker her.

Slik kjem du deg til Florø bil & havneservice

Køyr mot Fugleskjærskaia. Ta til venstre ved parkeringsplassen på enden av Elkjøpbygget. Køyr forbi politistasjonen og Fjord1. Parkeringsplassen ligg ved enden av vegen.

FLORØ STADION

På Florø Stadion finn du 12 plassar med straumuttak. Parkeringsplassen ligg med kort veg til sentrum og nært turløypenettet i Litle- og Storeåsen.  Adresse: Havrenesvegen ved Florø Stadion .

Pris per døgn er 250,- og ein har moglegheit til å fylle vatn ved i krana ved klubbhuset. Her er eit servicebygg ca 5. minutts gange frå parkeringa. Servicebygget har dusj, toalett og vaskemaskin. For kode til bygget, ta kontakt med turistinformasjonen. Det er mogleg å tømme septiktanken på bubilparkeringa i Strandavegen. Ved kjøp av gassflasker, ta kontakt med Florø bil og hamneservice, eller sjå meir informasjon her.

Slik kjem du deg til Florø Stadion

Køyr mot vest i retning Havreneset/Florø Stadion. Ta til venstre før du køyrer ned på Fugleskjærskaia. Køyr opp Stadionbakken. Parkeringsplassen ligg på toppen av bakken, ved klubbhuset på Florø Stadion.

SLIK BETALAR DU

1. Du kan enten betale ved turistinformasjonen i Florø (Sjå meir her for opningstider). Her kan du betale med kort eller kontakt. Du får parkeringsbevis som du legg i frontruta.

2. Betal med Easypark mobilapp og velg takstgruppe 6429. Vær obs på at prisen vil bli høgare då det legges på +15% i avgift til Easypark.

3. Betal med SMS ved å sende takstgruppe 6429 til 2410. Vær obs på at prisen vil bli høgare då det legges på +25% i avgift.

4. Du kan betale i parkeringsautomat.

* Betaling inkluderar bruk av servicebygg ved gjestebrygga. Koden til servicebygget får du på turistinformasjonen eller ved å ringe telefon: 577 43 000. 

 

Kontakt

Adresse:
  • Strandavegen 19
  • 6900 Florø
Telefon:
+47 907 16 161
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.floroparkering.no/bobil/

Fasiliteter

Vaskerom:
Oppstillingsplass bobil:
Strøm:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Bubilparkering i Florø?