Vågsøy er fylt med små idylliske stader der du kan nyte og slappe av. På ein og same dag kan du oppleve spennande krigshistorier til mektige naturopplevingar. Her er du garantert gode opplevingar.

Med ryggen vendt mot havet, kopla saman med fastlandet av Måløybrua ligg Måløy, og midt i sentrum finn du bubilparkering. Her kan du bli sjarmert av Måløys gater, utforske gatekunsten som pryder veggane i sentrum og høyre spennande historier frå krigen på Måløyraidsenteret. Du finn eit stort og fristande utval av butikkar i den små og trivelege handlegata, Gate 1. La deg bli frista av koselege kaféar og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi. Bubilparkeringa i sentrum har gode fasilitetar som sanitærbygg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er og tilgong til vatn og straum, og medan du griller middag på kaia kan ungane leike på leikeplassen. 

Øya Vågsøy er fylt med gode opplevingar. Nyt late dager på ein av Norges flottaste strand, Reviksanden, eller besøk ein av dei mange fyra rundt øya. Bli fascinert av den spesielle stettforma steinen Kannesteinen, eller utforsk dei mange gode turmoglegheitene i Måløy og omegn. Ein tur til Dagsturhytta passar for heile familien. 

Priser

Fra:
NOK 200

Kontakt

Adresse:
  • Torget
  • 6700 MÅLØY
Telefon:
948 16 904
E-post:
Nettside:

Hvor er Bubilparkering i Måløy?