I våningshuset på garden har me ei leiegheit med kjøken, bad, stove og soverom, her er det plass til fire, og me har tre nyrenoverte dobbelrom med eigne bad.

På kaien nedanfor husa på garden tilbyr me glamping, her har me fire store telt innreia som hotellrom, med god plass til to i kvart telt. Her er nytt sanitærbygg med opphaldsrom og enkelt kjøken. Me leiger ut vår eigen båt i tillegg til Kystlaget sin Sognefæring som ligg ved glampingen.

Døsen Gard ligg midt mellom Unesco Verdensarv Urnes stavkyrkje, Jostedalsbreen og Sognefjell med fantastiske fjellopplevingar.

Me serverer kortreist frukost til alle med ferske bakevarer.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Lustravegen 3218
  • 6872 LUSTER
Telefon:
+47 95168727
E-post:
olav@dosengard.no
Nettside:
www.facebook.com/D%C3%B8sen-Gard-2052309055004031/

Hvor er Døsen Gard Glamping?