Eikhamrane Camping ligg 30 km sør for Utne og 16 km nord for Odda langs Fv 550. Campingplassen er ved fjorden i eit stille og vakkert område omgitt av frukttre. Her er fire hytter og 40 plassar for campingvogn og bobil og/eller telt. To av hyttene er på 15 m² med fire-fem sengeplassar og to hytter er 9 m² med to sengeplassar. Det er kjøleskap og kokemoglegheiter i hyttene, dusj og toalett er i eige bygg. Det er moglegheit for strømtilkopling for campingvogn, bobil og telt.
Eikhamrane Camping held ope i juni, juli og august.
Camping
Eikhamrane Camping
Tyssedal
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- Eikhamrane
- 5776 Nå
- Telefon:
- +47 468 80 447
- E-post:
- arve.ravnoy@gmail.com
- Nettside:
- eikhamranecamping.123hjemmeside.no/