Hopp til hovedinnhold

FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på nordsida av Dalsfjorden, 7 km frå Askvoll. På det 160 mål store området kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Her finn du ei eiga sandstrand på over 400 meter, og lagune. Området er barnevenleg og tilrettelagt for alle aldersgrupper.

Camping- og bubil

Camping- og bubilplassar ved FjordLagunen ligg lunt til på Vårdalsneset ved vakre Dalsfjorden. Her kan du leige glampingtelt, og du finn gode campingsplassar for telt, bubil og campingvogner. Campingplassen har plass til 35 vogner og ligg fint og lunt til med utsikt mot lagunen og fjorden.

Smedhuset Kafe

Det 250 år gamle Smedhuset gir deg ei ekte oppleving. Nyt ein lett lunsj eller berre ein god kopp kaffi og ein vaffel, medan du let roen og den gode atmosfæren på FjordLagunen synke inn over deg. På grunn av covid-19 restriksjonar er det no kun take away på Smedhuset.

Verket Pub

Verket Pub ligg i historiske industriomgjevnader på det tidlegare teglverket i Vårdal. Puben ligg vakkert til ved Dalsfjorden, og har eiga djupvannskai. Bygget, som ein gong var eit bakeri, er restaurert med gjenbruk av stein frå det gamle teglesteinsverket.

I 1. etg finn du ein tradisjonell pub innreia med trebord og trestolar, samt peisovn. I 2. etg. er det intimscene og småbord med sofaer og lenestolar, og plass til å svinge seg. Scena ute har plass til større band for utekonsertar og dans.

Verket Pub byr på tradisjonelle pubkveldar, intimkonsertar, marknad, quiz, bryggjedans mm. Du kan leige Verket Pub til f.eks. bryllaup, fødselsdagsfeiringar, blåturar eller konferansar.

Sjøsportsenter

FjordLagunen byr på aktivitetar for både liten og stor. Her kan dei leike seg over og under vatn med kjekke leikeapparat. Du kan leige vannscooter, vasski, tube og banan. Prisane på leige inkluderar leige av redningsvest for alle aktivitetar på sjøen, samt våtdrakt dersom ein skal ut med båt eller vannscooter.

Marina

I marinaen er det hamneplass til små motorbåtar og daycruisarar. Det er djupvannskai ved Verket Pub med plass til ein båt. Om du ønskjer å kjøpe eller leige båtplass er det mogleg. 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Vårdalsneset
  • 6982 HOLMEDAL
Telefon:
41 55 23 50
E-post:
cecilie@utne.nu
Nettside:
fjordlagunen.no/

Hvor er FjordLagunen Camping og Marina?