Omkransa av fjord og fjell kan Fjordslottet invitera til ei personleg og heimekosleg hotelloppleving med heimelaga mat, god drikke, kvite dukar og levande lys i våre intime stover, selskapslokale eller restaurant. På Fjordslottet kan du finna ro for kropp og sjel, nyta eit opphald åleine eller samen med familie, gode vener eller kollegaer.
Selskapslokala våre skapar den gode stemninga for små og store merkedagar som bryllup, dåp, konfirmasjon, jubileum, blåtur og julebord.
Fjordslottet er også eit moderne kurshotell for arbeidsro, konsentrasjon og kreativitet, og har alt nødvendig teknisk utstyr.
Osterøy kan tilby eit mangfald av spennande natur- og kulturaktivitetar og, opplevingar, og Fjordslottet organiserer og legg til rette for at dine ønskje om aktivitet og oppleving kan gjennomførast. «Da ordnar me!»
Historien om Fjordslottet går tilbake til året 1851 då bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambro starta Fotlandsvåg Bomuldspinnerie og bygde seg herskapsbustaden som vart hotell frå 1997, samstundes som det vart bygt 2 nye gjesteromshus med 33 rom med balkong. Hotellet har 41 gjesterom og 1 brudesuite. Gratis trådlaust nettverk.
Hotell
Fjordslottet Hotell
Velkommen til herskapelege og historiske Fjorslottet Hotell – kun 45 minutter – fra Bergen på unike Osterøy.
Osterøy
Kilde: Visit Bergen
Priser
- Fra:
- NOK 995
Kontakt
- Adresse:
- Osterøyvegen 2715
- 5283 Fotlandsvåg
- Telefon:
- 56 39 50 90
- E-post:
- fjordslottet@fjordslottet.no
- Nettside:
- www.fjordslottet.no
Fasiliteter
- Frokost:
- WIFI/Internett:
- Konferansefasiliteter:
- Parkering:
- Restaurant: