Opningstider
Vinter / vår 2022:
Torsdag - Laurdag, kl. 17.00 - 23.00
(Kjøkenet stengjer kl. 21.00)

Sommarsesong:
Måndag til Sundag, kl. 17.00 - 23.00
(Kjøkenet stengjer kl. 21.00)

Me held ope for grupper på minimum 10 personar, til andre dagar og tidspunkt, når det vert tinga minst 2 døger på førehand.

I Restaurant Flor'n byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & urieste råvarer. Menyen er ikkje stor, men me har alltid eit utval av både kjøt & fisk - og sjølvsagt gode dessertar som prikken over i'en.

Me likar det rustikke, med fokus på den gode smaken, samstundes som den skal vera like god for auga som for ganen. Alle rettane i si heilheit er sjølvsagt laga frå botnen av på vårt vesle kjøken.

Menyen vår skiftar ofte, alt etter kva som er tilgjengeleg av gode råvarer dei aktuelle dagane. Sjølv om det kanskje er den same råvara som står på menyen, så kan mykje ha endra seg frå forrige med meny med tilbereding, tilbehør og smakskombinasjonar.

Inntil måltida er det sjølvsagt høve til å nyta god lokal drykk, slik som vårt eige handverksøl, "Vetle Ivar". Dette ølet er ein hyllest til 8. generasjon brukar og resultatet av eit smakfullt samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri vinteren 2021.

<a href="https://www.visitvoss.no/bestill/overnatting/1794560/store-ringheim-hotell-restaurant/detaljer">Les meir om Store Ringheim Hotell & Restaurant her</a>

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Mølstervegen 44
    • 5710
    • Skulestadmo
    Telefon:
    +47 95406135
    E-post:
    booking@storeringheim.no
    Nettside:
    www.storeringheim.no

    Hvor er FLOR'N Restaurant på Store Ringheim?