I den gamle driftsbygningen på Urnes gard og hjortefarm finn du "Gamlefjøsen" kafé. I rustikke og koselege omgivnader kan du nyte kaffi og kaker, vafler, smårettar basert på lokale råvarer og kald drikke laga på garden. Råvarer frå garden - frukt, bær og hjortekjøt er viktige ingrediensar. Kaféen er open kvar dag frå juni og ut august. I byrjinga og slutten av sesongen (midten av mai og til midten av september) er gardskaféen open i helgar, og elles ved førehandstinging. Grupper bør bestille. Urnes Gard er medlem av HANEN (Norsk Bygdeturisme og Gardsmat).

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Ornes
  • 6870 ORNES
Telefon:
E-post:
urnesgard@urnes.no
Nettside:
www.urnes.no

Hvor er Gamlefjøsen Kafé?