Frå teltluka ser du rett på isbrear, tusenmeter høge fjell og frodig vestlandsnatur. Gryta er ein god stad å feriere på – her kan du slappe av og berre nyte å ha fri, langt unna hektiske kvardagar.
Campingen er også eit godt utgangspunkt for både store og små fjellturar. Det er fint å rusle langsmed vatnet å plukke markjordbær – eller du kan bestige ein eller fleire av dei mange fjelltoppane vi er omkransa av. Turkart og gode tips får du i resepsjonen. Berre 10 minutt unna ligg Briksdalsbreen, og vidare er det fint å ta seg dagsturar til både Olden, Stryn, Nordfjordeid, Måløy, Geiranger, Jølster og Førde – for shopping, opplevingar og Nordvestlandet på sitt vakraste.
Camping
Campingplassen er planert i ulike platå, så ein står på stø grunn når ein campar her – og kan nyte den herlege utsikta 360 grader.
Med ein topp- kapasitet på 80 einingar, er det ein romsleg campingplass – og du som gjest får sjølv velge deg akkurat den plassen du vil ha. Sidan campingen er sopass stor høver den ekstra godt dersom ein er fleire som reiser i flokk – det går fint å ordne seg sin eigen leir saman med dei ein reiser med.
Her er 75 punkt for straum, og vi har også skøyteledningar til låns dersom det skulle trengast.
Hytter
Vi har fem fine raudmåla hytter med torvtak til utleige. Desse er bygde i nyare tid, og har soleis god standard. All hyttene har uteplass, og samtlege høver godt både for korte og lengre opphald. Alle hyttene har dyner og puter, og dynetrekk kan du leige for 50 Kr pr sett. Du kan også velge om du vil vaske hytta sjølv, eller om vi skal gjere jobben for deg for 100 Kr.
Som hyttegjest har du også høve til å bestille frukost. Denne blir servert i kafèen kvar morgon frå kl 08.00 til siste gjesten har ete ferdig. Det er ferie – so vi har god tid.
Hytte 1, 2, og 3:
Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 3 enkeltsengar og 1 dobbelseng.
Hytte 4 og 5:
Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 2 dobbelsenger og 2 enkelsenger, dusj og WC.
Kafè
I hovudbygningen har vi ein koseleg kafè, som er open frå 08.00 om morgonen til 22.00 om kvelden. Skulle det komme ein regnveirsdag eller to, så kan det vere ekstra godt å trekke innanhus for å få varmen i seg og tørke seg litt – eller når sola varmar som verst, då kan det vere godt å trekke inn i skuggen. Her har vi Ludo, Yatzy og andre spel for den som treng tidtrøyte, og her er også trådlaust nettverk for den som treng det. Det er mange som sender «reisebrev» heimatt, både via e- post og anna post, skrivne ved eit bord her.
Vi har enkel servering, med svart kaffi, te, vafler, og kaker – sjølvsagt heimelaga. Noko godt å bite i attåt kaffien.
Vi serverar også frukost – om du har bestilt kvelden før. Ein solid og god frukost til ein rimeleg pris – ein god start på dagen.
I kafèen er der også ein diger TV for dei som vil få med seg siste nytt – noko som er svært så populært under fotball- VM, OL, Tour de France og liknande.
Båt
våre to robåtar er til gratis utlån for alle våre gjester. Det er fint med ein liten tur ut på vatnet – både om du vil freiste fiskelukka eller berre ta ein roleg sightseeing. Redningsvestar for både vaksne og ungar får du i resepsjonen, og desse er også til gratis utlån.
Breføring
Her hjå oss kan du bestille guida tur på Jostedalsbreen hjå Briksdal Breføring. Dette er ei unik oppleving, og når ein først er så nær tusenårs gammal is – kvifor ikkje ta seg ein liten spasertur på den?
Turen er på Bødalsbreen i Lodalen, og du kan oppleve ekte brevandring i vestlandsk natur. Heile turen tek 5-6 timar, derav ca. 3 timar inne på breen. Dette er ein middels vanskeleg tur. Bødalen med Bødalssætra og Bødalsbreen er ei naturperle inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. På veg inn til breen kan ein på godvêrsdagar sjå Lodalskåpa, den høgaste toppen på Jostedalsbreen (2083 moh.). Ta med drikke, mat, klede og sekk for ein halvdagstur. Gode kraftige fjellsko er ein fordel. Sko kan leigast hjå Briksdal Breføring.
Aldersgrensa er 12 år, men det er også moglegheiter for familietur med eigen førar.
Fiske
Våre to robåtar er til gratis utlån for alle våre gjester. Det er fint med ein liten tur ut på vatnet – både om du vil freiste fiskelukka eller berre ta ein roleg sightseeing. Redningsvestar for både vaksne og ungar får du i resepsjonen, og desse er også til gratis utlån.
Fiskekort
For å fiske i Oldevatnet treng du fiskekort. Desse får du kjøpt i resepsjonen. Lokalkjende som vi er kan vi også gje deg nokre gode tips om dei beste fiskeplassane.
Geiter
Vi som driv Gryta Camping er opprinneleg geitebønder, so difor har geitene fått sin naturlege plass på campingen også. Her er to svært sosiale geitebukkar som har sitt eige område – og nokon hevdar at dei til og med pratar både engelsk, tysk, kinesisk og elles all verdas språk
Leikeplass
Leikeplassen ligg rett ved resepsjonen, og har blant anna vippe, huskestativ, sandkasse, trampoline – og eigen liten traktor! Her får ungane boltre seg fritt.
Sport
Vi har ei volleyball- grasbane, som fint også kan brukast som badminton- net eller liknande. Om du ikkje har med eigen volleyball, får du låne dette i resepsjonen.
Sykkelutleige
Om du vil la bilen stå, er sykkel eit godt alternativ. Vi leiger ut syklar på dagsleige, og det passar ypperleg å til dømes sykle til Briksdalen, som er berre 10 km unna.
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Gytri
- 6788 OLDEN
- Telefon:
- E-post:
- gryta@gryta.no
- Nettside:
- www.gryta.no