Hopp til hovedinnhold
Bestill

Halne Fjellstugu ligg 1140 moh. ved Halnefjorden og inngangen til Hardangervidda nasjonalpark. Fjellstova er lett tilgjengeleg ved rv. 7, og her kan du stoppe for eit godt måltid eller overnatte. I kafeen serverast heimelaga tradisjonskost med fokus på lokale råvarer. Her er til saman 75 soveplassar, og du kan velje mellom enkelt- og dobbelt rom i hovudbygningen eller frittliggjande leilegheiter og hytter. Halne Fjellstugu er open frå tidleg vinter til starten av oktober, og er eit godt utgangspunkt for turar på Hardangervidda både sommar og vinter. Om sommaren går det dagleg båtrute på Halnefjorden frå Halne Fjellstugu til Sleipa og Skaupa, ca. 13 km innover fjellplatået. Båten Halnekongen tar 37 passasjerar, og turen inn til Skaupa tar om lag 40 min. Denne båtruta opnar for fleire moglegheiter som ein båttur t/r på Halnefjorden, ein kombinasjon av båttur og fottur t/r Halne eller som transport for vidare tur innover i Hardangervidda nasjonalpark. Du kjem deg til Halne Fjellstugu med bil, med buss frå Eidfjord og Geilo, eller tog til Haugstøl eller Ustaoset.

Dersom du reiser med tog kan vertskapet på Halne hente på stasjonen. Halne Fjellstugu legg og til rette for arrangement utanom sesongen.

Kontakt

Adresse:
  • Hardangervidda 227
  • 5785 Vøringsfoss
Telefon:
53665712
E-post:
post@halne.no
Nettside:
www.halne.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Grønne sertifiseringer

Halne Fjellstugu har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Halne Fjellstugu?