Bestill

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. 

Gjestane deira kan oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg – naturen gjev ein stadig nye nyansar og perspektiv. Det mektige synet frå hotellet vekkjer kjensler hjå ein kvar – ruvande fjell, ein blenkande fjord, ei glitrande fonn og grøne bakkar. 

Restauranten byr på lokal mat og drikke, og ei stor og flott uteservering. Hotellet har 113 rom i ulike kategoriar, samt selskapslokaler og konferanseavdeling. 

Vegg-i-vegg ligg Hardangerbadet med ulike badebasseng, sklier og stupetårn, og alle buande gjester har gratis inngang. Om vèret tillet det anbefalar me eit friskt bad i fjorden før frukost. Ei nydeleg sandstrand ligg rett ved sida av hotellet. Ta med deg ein kopp kaffe og kjenn graset under beina på veg bort gjennom hagen.

Hotellet er eit perfekt utgangspunkt for å oppleva Hardanger på sitt beste – både for spreke høgpulsaktivitetar og for dei som søkjer fred, ro og god atmosfære.

Hjarteleg velkomen!

    Kontakt

    Adresse:
    • Hardangerfjordvegen 613
    • 5610 Øystese
    Telefon:
    56 55 63 00
    E-post:
    hardangerfjord@fjordtindhotels.no
    Nettside:
    hardangerfjord-hotel.no/

    Fasiliteter

    Konferansefasiliteter:
    Parkering:
    Restaurant:
    Treningsrom:
    WIFI/Internett:

    Hvor er Hardangerfjord Hotel?