Hopp til hovedinnhold

Hotel Grandane ligg like ved Gamle Lærdalsøyri og det idylliske, gamle trehusmiljøet med 160 verna bygningar. 

Hotel Grandane har 32 rom. Alle romma har bad, telefon og fjernsyn (26` flatskjerm, kabel-tv). Hotellet har heis, handikapp-toalett og også familierom. Alle rom har utsikt til fjella omkring og til tettstaden Lærdal. Det er berre fem minutt å gå til Sognefjorden. Busstopp 50 m frå hotellet.

Mange andre verdskjende attraksjonar ligg i nærleiken: Nærøyfjorden, som er ein del av Sognefjorden, kom i 2005 på UNESCO si verdsarvliste. Andre store attraksjonar er Flåmsbana, Borgund stavkyrkje, Snøvegen, Aurlandsdalen og Jostedalsbreen. Turistane i Lærdal bør også ta turen innom Norsk Villakssenter og antikvitets- og handverksbutikkane på Gamle Lærdalsøyri.

Gjestene våre er fyrst og fremst turistar, og dei kjem frå alle delar av verda. Lærdal har lange tradisjonar som reisemål. Dei fyrste turistane her var engelske laksefiskarar og kongelege frå heile Europa. I dag kjem turistane for å oppleva den imponerande naturen med verdas lengste fjord, fantastiske fjell, isbrear, fossande elvar og eit velstelt kulturlandskap.

  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 0

Kontakt

Adresse:
  • Øyraplassen 15
  • 6887 Lærdal
Telefon:
57 66 69 00
E-post:
post@lindstroemhotel.no
Nettside:
www.hotelgrandane.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Frokost:
Parkering:
WIFI/Internett:
Ladepunkt for elbil:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Hotel Grandane?