På garden Jevnlid blir det laga gode kjøt- og spekematprodukt. Respekt for og kjærleik til handverkstradisjonane er nokre av dei viktigaste ingrediensane.

På Jevnlid er dei lidenskapeleg opptekne av å ivareta den rike lokale matkulturen. Dei lagar herleg tradisjonsrik mat der tida og det tradisjonelle handverket avgjer smaken. Til dømes brukar dei 2-3 månadar på å lage Spekepølsa, inkludert 5-8 veker modning. Slik får dei fram kjøtet sin unike eigensmak heilt utan tilsetningsstoff. Alt kjøtet i spekepølsene, julepølsene og kjøtbollane kjem enten frå eigen produksjon eller frå nabogardane rundt.

Spekepølser kan du få kjøpt på sjølvbetjeningsboder langs panoramavegen.

Respekten for mattradisjonane kjennest i smaken.

Produkt:
NATURLID: Inneheld 85 % storfe og 15 % fett av svin, salt
CHORIZO DE LIDA: 86 % storfe, 15 % fett av svin, salt, pepar, fenikkel, kvitløk, spansk paprika og rødvin
FJELLANSK SALAMI: Svin 80 %, 20 % storfe.Salt, Kvitløk, fennikel og pepar

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Panoramavegen 1420
    • 6795 Blaksæter
    Telefon:
    90 97 93 26
    E-post:
    post@jevnlid.no
    Nettside:
    jevnlidgarden.no/index.html

    Hvor er Jevnlid Garden?