Det handlar om tid
Det handlar om tid til å fiske den beste jølstraørreten. Tid til å lage den beste maten. Tid til å ta seg av gjestane og skape den gode atmosfæren. Tid til å nyte ulike kunstuttrykk. Tid til å ta vare på tinga og historia frå Jølster. Tid til ein omveg. Ta deg tid til eit pusterom på Jølstramuseet – vel verdt ein omveg.
Restaurant Låven serverer ein à la carte-meny basert på lokale råvarer. Spesialiteten vår er sjølvfiska jølstraørret – servert beinfri og pannesteikt. I kunstgalleriet har vi salsutstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar heile året. Jølstramuseet er eit privat bygdemuseum med opptil 400 år gamle hus og fleire tusen historiske bruks- og pynteting, hovudsakleg frå Jølster. Ta deg tid til å nyte naturhagen, som omkransar husa. Jølstramuseet er eit levande tun, der vi arrangerer konsertar, bryllaup og andre festlege lag. Ta deg tid til å samle familie og vener for å nyte ein god middag i fantastiske omgjevnader.
Restaurant
Jølstramuseet
Det handlar om tid til å fiske den beste jølstraørreten. Tid til å lage den beste maten. Tid til å ta seg av gjestane og skape den gode atmosfæren. Tid til å nyte ulike kunstuttrykk.
Jølster
Kontakt
- Adresse:
- 6847 VASSENDEN
- Telefon:
- +47 97 14 09 75
- E-post:
- heidi.fossheim.aardal@enivest.net
- Nettside:
- www.jolstramuseet.no