Vil du oppleve noko utanom det vanlege? Då er overnatting på ein fyrstasjon noko for deg. Kvanhovden Fyr ligg like utanfor Florø, ca, 30 min. køyring med båt. Ytst ute i havgapet, kor himmelen går i eitt med havet, finn ein fyret. Heilt oppe på ei klippe ligg huset, og herifrå har ein eit utsyn utover sjøen som ikkje kan skildrast med ord. I fint vêr kan ein sette seg på terrassen utanfor huset, og nyte solnedgongen og roen. Men dersom vinden bles som allar krappast er opplevinga endå større. Ein føler seg liten når bølgjene slår opp over stuevindauget, man samtidig svært trygg inn ei eit fyrtårn som har stått mot stormar og vind i over 100 år. Praktisk informasjon:
Det er 10 sengeplassar i fyrboligen, fordelt på 3 soverom. Her er det enkle senger med dyner og puter. Sengetøy må ein ta med sjølv.
Hovedetasjen består av kjøkken, stove, kontor og eitt soverom med 3-5 sengeplassar.
Loftetasjen består av gang, bod og bad med vask, og 2 soverom med 3-5 soveplasser.
I kjelleren er det toalett. Innlagt straum og vatn, varmt/kaldt vatn på kjøkken og bad.
På kjøkkenet er det gasskomfyr, vannkoker, kaffitrakter, vaffeljern, kjøleskap og eit lite fryseskap. Kjøkkenet har dekketøy til 15 personar. Reise hit: Det går rutebåt frå Florø til Barekstad på Hovden fleire gongar dagleg. Det går minibuss frå kaia på Barekstad til Hovdevågen morgon og ettermiddag i skuleåret. Det er óg mogleg å ordne privat bilskyss, dette koster 200,- pr. vei. Ta kontakt med turistinformasjonen i Florø for meir informasjon, tlf 57743000. Frå Hovdevåg til fyret er det ein flott fottur på ca 45 min. Stien er godt merka. Det er óg mogleg å leige båtskyss frå Florø direkte til Kvanhovden Fyr. Denne båtturen tar omlag 20 minutt.
Taxibåten Havskyss, tlf: 913 48 934, tilbyr båtskyss i Florø-området.
Viktig informasjon:
Fyret må bestillast ei veke på førehand.
Unik overnatting
Kvanhovden Fyr
Ytst ute i havgapet, kor himmelen går i eitt med havet, finn ein Kvanhovden fyr. Frå fyret har ein eit utsyn utover sjøen som ikkje kan skildrast med ord.
Hovden
Priser
- Fra:
- NOK 2 000
Kontakt
- Adresse:
- Hovden
- 6900 FLORØ
- Telefon:
- 90133023
- E-post:
- tone-57@hotmail.com
- Nettside: