Bestill

Feriestaden har familierom, campinghytter og campingplass og er tilrettelagt for barnefamiliar. Gjestene våre kan starte dagen i matsalen der personalet serverer ein god og familievenleg frukostmeny! Det er tilgang til eiga badestrand, sandvolley, kano- og båtutleige, fiskemoglegheiter og leikeplass. Sommarværet på vestlandet kan variere og då er det kjekt å nytte seg av fri tilgang til gymsalen eller aktivitetsrommet med bordtennis, airhockey og fotballspel. Dersom du ønsker ein roleg dag kan du senke skuldrene og nyte ei god bok og ein varm kopp kaffi i peisestova med utsikt over Hafslovatnet. 

Me tilbyr:

Gjestehuset (Bed & breakfast) Rom med eige bad, sengtøy og frukost. (1- 6 personar)

Hytter utan bad, med felles sanitæranlegg kort veg frå hytta. (1-6 personar)

Camping, med straumuttak. 

Utanfor sesong: Ope for gruppebestillingar heile året.

Opplevelsar: Aktivitetar ute: Båt, kano, eiga badestrand og sandvolleybane. Gode og varierte moglegheitar for fjellturar i nærområdet. Aktivitetar inne: Aktivitetshall 160 kvm (Ny sommaren 2016), Air-hockey, bordtennis og biljard.  

Atraksjonar i nærområdet: Lustrabadet, Urnes Stavkyrkje, Jostedalsbreen og Sogn Skisenter.

 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Lyngmo 21
  • 6869 HAFSLO
Telefon:
57684366
E-post:
lyngmo@lyngmoinfo.com
Nettside:
www.lyngmoinfo.com/camping-bb

Fasiliteter

Lekeplass/lekerom:
WIFI/Internett:

Hvor er Lyngmo Gjestehus & Camping?