Et merkeikon

Unik overnatting

Leirvik Fyr

Leirvik fyr ligg på Midtøya, rett utanfor Leirvik sentrum. Eigedomen omfattar fyrvaktarbustad og uthus reist i 1878, naust i 1930 og maskinhus reist i 1939-40. I tillegg er det molo og ein gangveg mellom lendingsplass og hovudeigedomen. Området er å betrakta som eit kulturmiljø som skal følgja offentlege verne- og fredingstiltak. Stord kommune sitt mål er at Leirvik fyrstasjon skal vera ein arena for kultur og oppleving. I tillegg til at det skal arrangerast ulike kulturarrangement, leiger kommunen ut fyrvaktarbustaden. Stord kommune samarbeider med Venelaget for Leirvik fyr om å taka vare på eigedomen.  Det er to soverom og sengeplass for 6-7 personar. Det er eitt soverom med dobbelseng og eitt med 2 køysenger. I fyrste høgda er det kjøken, eit lite kammers og to mindre stover. Det er nytt kjøken med innlagd vatn frå offentleg vassverk. Toalett og dusj er i maskinhuset.  Leigetakar lyt sjølv ta  med laken, dynetrekk, putevar, handkler, toalettsaker  og toalettpapir. Leigetakarar har også ansvar for å vaska etter seg og forlate staden i same stand som når dei kom (det skal vera vaskeutstyr og vaskemiddel på fyrstasjonen). Leige kan tingast i resepsjon/kiosk i Stord kulturhus på telefon 53 49 69 50. Det er eit krav at ein person over 20 år skal vera ansvarleg som leigetakar. Nøklar vert levert ut i resepsjonen i kulturhuset når leigetakar har betalt for opphaldet. Nøklane skal leverast attende same stad når leigeperioden er over. Leige kan tingast: Måndag til fredag: 09.00 - 15.30 (telefon 53 49 69 50). I tidsrommet frå fredag 29. juni til og med søndag 19. august kan ikkje helger delast opp. Leigetakar lyt tinga frå fredag til søndag. Døgnpris: kr 1.000  (frå kl. 12.00 og til kl. 11.00 neste dag). Helg (fredag til søndag): kr 2.000  (frå kl. 15.00 og til kl. 20.00 søndag). Arbeidsveke (måndag til fredag): kr 3.500  (frå måndag kl. 12.00 og til fredag kl. 14.00). Ei kalenderveke (måndag til søndag): kr 5.500  (frå måndag kl. 12.00 og til søndag kl. 20.00). Kulturarrangement/møter: kr 800  NB! Klokkesletta ovanfor gjeld henting og levering av nøklar. Leigetakar lyt sjølv ta med:  Laken, dynetrekk, putevar, handkler, toalettsaker og toalettpapir.  Leigetakarar har også ansvar for å vaska etter seg og forlate staden i same stand som når dei kom (det skal vera vaskeutstyr og vaskemiddel på fyrstasjonen). Ein må ha båt for å ta seg ut til Midtøya. Det er mogleg å leiga båt frå Stord kommune som kostar kr. 500,- døgnet, meir informasjon er på sida til Stord kommune. Det er ein god fortøyingsplass for båt på vestsida av øya. Leigetakar skal kryssa av eit spesifisert skjema over oppgåver/gjeremål som skal utførast før avreise. Skjema vert utlevert saman med nøklar.  Dersom noko vert skadd eller leigetakarar oppdagar avvik på eigedom/hus skal dei varsla Stord kommune snarast på telefon 53 49 69 50 (resepsjonen i Stord kulturhus).