Hopp til hovedinnhold

Pluscamp Sandvik er ein idyllisk familiecamping ved Sognefjorden. Campingplassen ligg midt i ein gamal frukthage, og det er utsikt til ein brearm av Jostedalen frå plassen. Pluscamp Sandvik ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og er ein god base for aktivitetar og attraksjonar i nærleiken. Det er moglegheiter for å bli med på guida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar. I fjella rundt Sandvik Camping er det mange merka fjellturar ein kan gå på, mange av dei har fantastisk utsikt. 

Til denne sesongen har me renovert deler av toalettanlegget, og ein finn no heilt nye familierom og stellerom.

PlusCamp Sandvik ligg ved Sognefjorden, 30km aust for Sogndal.

På Sandvik Camping har me 28 hytter med ulik standard og størrelse. 12 av hyttene er enkle campinghytter utan dusj og toalett, og 16 av hyttene er høgstandard hytter med dusj og toalett, og fullt utstyrt kjøkken.

Frå alle våre hytter og heile campingområdet har me god utsikt til ein brearm av Jostedalsbreen. 30km frå campingplassen finn du Nigardsbreen, dette er den brearmen som er best tilgjengeleg. På Nigardsbreen er det dagleg guida turar på breen, for heile familien.

Fiskemulegheiter i elv, sjø og vatn. Svært gode turmulegheiter med merka stiar.

 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Sandvikvegen 18
  • 6868 Gaupne
Telefon:
(+47) 57 68 11 53
E-post:
sandvik@pluscamp.no
Nettside:
www.sandvikcamping.com/

Fasiliteter

Vaskerom:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Pluscamp Sandvik?