Rett blikket mot vest, nyt synet av ope kystlandskap og drøym deg utover mot uendelege havopplevingar! Like bak oss strekkjer derimot fjella seg majestetisk opp mot himmelen. Perfekt for rolege koseturar langs merka stier eller meir krevjande toppturar der belønninga for strevet er fantastisk utsikt over kyst og fonn, skog, fjord og fjell.

Hotellet består av eit samanhengande hovudbygg i to etasjer, og hotellet har 51 rom med til saman 115 sengeplassar. ​

I fyrste etasje finn du resepsjonen, restauranten, baren og kjøkkenet. Her ligg dessutan konferansesalane; Skåno, Peparen og Møterom Vest, Peisestua - samt diverse andre fasilitetar for kos og hygge - som til dømes dansegolv og scene til bruk i forbindelse med konsertar eller øvrige arrangementer.

Kaféen, Englatrollets Hjerterom, ligg også på gateplan - og her kan du få servert mellom anna den berømte pizzaen som vert lagar på ekte italiensk vis i steinovn. Spesielt populær er uteserveringa på sommaren: Utanfor kaféen er det nemleg ein stor terrasse med bord og sitjeplassar, der gjestene nyt mat og drikke med nydeleg utsikt over fjorden.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Fv34 1310
  • 5593 SKÅNEVIK
Telefon:
+47 53 77 07 00
E-post:
post@fjordhotellet.no
Nettside:
www.fjordhotellet.no

Fasiliteter

Treningsrom:
Frokost:
Konferansefasiliteter:
WIFI/Internett:

Hvor er Skånevik Fjordhotel?