Hopp til hovedinnhold

Her kan du helse på geitene og få ei omvisning på stølen med budeiene og på kafeen får du stølskost. Vi serverer tradisjonelle melkekaker med ein smak av den osten vi lagar, kaffe/te og økologisk eplesaft frå garden.

Turen frå garden Skjerdal opp til stølen tek ca 30 min og passar for alle, men har du dårlege kne kan det vere litt for hardt. Turen går på traktorveg og er lett å følge.

Kafeen er open 1. juli – 30. august. Opningstid: 10.00- 18.00

Skjerdal - snuplass og parkering. I Skjerdal ligg garden vår og 2 andre gardar i eitt tun. Her er det snuplass og besøkande kan køyre hit, men det er fint om de kan parkere på tilvist gjesteparkering.

Type tur: Vandring Skjerdal – Skjerdal Stølsysteri ca 30 min. Du kan og fortsette turen vidare inn dalen t.d. til Fjellstølen, eller ta ein topptur til Skulenosi, Leimsnosi eller Blåskavlen.

Alternativ 1: Guida tur med Fjordsafari https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/basic-fjordsafari-og-vandretur-til-geitestolen-leim-p853603

Alternativ 2: Sykle til Skjerdal og vandre

Alternativ 3: båt eller kajakk til Skjerdal Kai. Turen frå kaien opp til Skjerdal stølsysteri tek ca. 1 time og 30 min. Stien går opp gjennom hagen til sommarhuset Bygningen og du kjem opp til ein stikkveg som fører opp til hovedvegen til Skjerdal. Følg vegen til Skjerdal og traktorvegen vidare til Skjerdal Stølsysteri og Kafè.

Avstander: Aurland- Skjerdal: 6 km. Skjerdal - Skjerdal stølsysteri og kafe: 1,5 km

Passer for : Alle MEN, har du dårlege kne eller liknande, vil stigningen vere for hard

Sesong: 1. Juli – 30. August

Kontakt og Booking: Anne Karin Hatling: 94 82 94 31

Meir info: www.skjerdal.com

Kontakt

Adresse:
Telefon:
+47 94 82 94 31
E-post:
anne.karin.hatling@alb.no
Nettside:
www.skjerdal.com

Hvor er Skjerdal Stølsysteri og Kafe Aurland?