Hopp til hovedinnhold

Stabben fyr

På eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia, vart det i 1866/67 bygt eit kraftig fyrhus på ein vel fundamentert seinsokkel, sett i mørtel, og samanbunden med jern. Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyra i landet, og fyret er lett synleg både i skipsleia og frå kystbyen Florø. I dag er det Flora Kystkulturlag leiger og forvaltar fyret.

Stabben i dag

Stabben fyr har dei siste åra blitt pussa opp og er no i betre stand enn på lenge. Ta kontakt med Flora Kystkulturlag dersom du ønskjer å gå i land på Stabben eller ønskjer å høyre om moglegheitene for å overnatte. Leiar i Flora Kystkulturlag, Anita Johannesen, kan nåast på telefon +47 416 01 070 eller e-post ajohannesen961@gmail.com Publikumstilbodet på Stabben fyr er førebels avgrensa, men overnatting kan bestillast etter avtale. Det er best å gå i land på Stabben når det er stille på sjøen. Kaia ved fyret er i dårleg stand og kan gjere skade på båten.

Landemerke

Tømmerhuset på 12 x 8,3 meter, med muren av 108 båtlaster med gråstein, fyller heile skjeret til nær siste kvadratmeter. Mot nordvest, der havet står like inne gjennom Hellefjorden, er grunnmuren forma som eit skipsbaug så bølga kan slå seg av. Fyret har ei særprega form, det er eit landemerke som har vore eit ynda motiv for kunstnarar og fotografar like sidan det stod ferdig for meir enn 130 år sidan.

Saman med fyret i Kinnasundet (også bygt i 1867, nedlagt i 1913), er Stabben det første fyret som vart bygt i Sunnfjord. Det kom såleis fyr både langs indre og ytre farleia då det store vårsildfisket gjekk mot slutten.

Ureint farvatn

Grunnen til at fyret vart reist, var det fårlege, ureine og straumsterke farvatnet. Truleg eitt av dei vanskelegaste navigasjonspunkt på norskekysten, noko dei mange forlis og grunnstøytingar fortel om, også etter at fyret vart tent.

Dei første journalane er komne bort, men det er nøgda av episodar å ta av. I 1889 rende ei jakt på fyret, så jagarbommen stod inn gjennom veggen på fyrhuset, og noko av riggen fløkte seg inn i heisekranen. Året etter rende D/S "Fiskaren" på Stabben med full fart. Folket berga seg opp i huset, men skipet sokk. Det var straumen som hadde lurt dei. I 1910 rende "Astrea" på Grasskjeret, og i 1920 rende "Emma Sauber" på Stabben.

Nokre havaristar frå mellomkrigstida kan supplere ei mykje lengre liste: 1918: "Factor". 1923: "Cymric Vale". 1929: "Hofplein". 1932: "Heinrich Beermann". 1936: "Emma Reimer". 1938: "Gaa Paa".

Tre skip greidde også her å gå på sjølve Stabben: "Liv" i 1918 og "Kvalen" i 1931, forutan før nemnde "Emma Sauber" i sterk storm 26. januar 1920.

Sidan 1905

Fyret vart tent 1. oktober 1867. I 1905 vart det gjort ein del endringar, m.a. vart tretårnet gjort større, og lykta gjort sterkare med eit 4. ordens linseapparat. Skjerming med åtte sektorar gjorde seglinga tryggare. Stabben fekk også ny heisekrane og betre kailøysing. Den ytre forma er uendra sidan den tid, og det er teke vare på fyrteknisk utstyr og originale bygningsdelar. Stabben har vore folka frå 1867 til fyret vart automatisert i 1975. Sjøkabel med elektrisk straum vart lagt ut til Stabben i 1965. Stabben er på Riksantikvaren sin nasjonale verneplan for fyrstasjonar. (Delar av teksten er frå Fylkesarkivet Sogn og Fjordane www.fylkesarkivet.no).

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
416 01 070
E-post:
ajohannesen961@gmail.com
Nettside:

Fasiliteter

Unik overnatting:

Hvor er Stabben Fyr?