Hopp til hovedinnhold
Bestill

Thon Hotel Førde er eit tradisjonsrikt hotell med røtter heilt tilbake til 1860. Hotellet ligg langs E39, og i umiddelbar nærleik finn du Handelshuset Førde, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Hafstadkleiva.

Om hotellet

På Thon Hotell Førde finn du 76 komfortable rom i alle størrelsar og fasongar, alt frå budget room, standard room double, single eller twin, superior room, standard room family og suite. Hotellet vart pussa opp i 2019, og har også eige spa og velvære avdeling, konferanse og møterom.

Ete Fysst

Start dagen med ein smakfull frukostbuffet. I samme lokale som frukostservering finn du restauranten Ete Fysst. Her er det plass til 90 gjestar, og menyen à la carte seks dagar i veka samt ein festmeny for dei spesielle anledningane. Menyen er kvalitetsmat med fokus på lokale råvarer. Restauranten er ope måndag - laurdag 18.00 - 21.00

Det er også mogleg å bestille lunsj på hotellet alle dagar mellom 11.00 - 12.30. Thon Hotel Førde setter gjesten i fokus og strekkjer seg langt for å etterkomme ønska de har.

Spa og Velvære

Unn deg eit besøk i den flotte spa- og velværeavdelinga når du først bur på hotellet. Her finn du infraraud sauna, tyrkisk bad, boblebad ute og inne, kaldkulp, solarium og eit godt utstyrt treningsrom.

I spa avdelinga tilbyr dei både massasje og ansiktsbehandlingar.

Kurs og konferanse

Konferanseavdelinga ligg i første etasje. Alle konferansesalane har gratis trådlaus internett, høgtalarannlegg, trådlause mikrofonar, prosjektor og alt av standard teknisk utstyr som du kan forvente. Alle konferansevertskap står til di disposisjon gjennom heile arrangementet.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Thon Hotels

Se alle tilbudene til Thon Hotels

Kontakt

Adresse:
  • Hafstadvegen 26
  • 6800 FØRDE
Telefon:
+4757828110
E-post:
forde@thonhotel.no
Nettside:
www.thonhotels.no/hoteller/norge/forde/thon-hotel-forde/

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Konferansefasiliteter:
Parkering:
Resepsjon:
Restaurant:
Frokost:

Hvor er Thon Hotel Førde?