På Iglandsvik i Bremanger, like ved småbåthamn og molo, og med utsikt mot fjorden og havet, finn du ei over 100 år gamal sjøbu. Bua har i fleire generasjonar vore nytta til fiskeriformål, til oppbevaring av garn og anna fiskeutstyr og til behandling av fisk. Veljebua har teke vare på ein del av den gamle sjøbua samstundes som dei har laga til moderne husvære med alt du treng i ferien.  Husværet inneheld fire soverom med til saman 8 sengeplassar.  I 1. etasje er det to soverom, bad med dusj/wc/vaskemaskin pluss eit ekstra toalett i bua-delen. I 2. etasje finn du to soverom og ei lys, stor og triveleg stove med eit godt utstyrt kjøkken.

I NÆRLEIKEN Den kvite Grotlesanden ligg 2,5 km lenger vest og fjellet byr på flott turterreng. Dersom du vil slappe av, set du deg på den usjenerte kaia eller terrassen. I gangavstand frå Veljebua finn du ein landhandel som også sel drivstoff. Kafé, frisør og gaveartiklar finn du ved sida av.

Kontakt

Adresse:
  • C/o Jarle Grotle , Iglandsvik
  • 6727 Bremanger
Telefon:
+47 57 79 12 45
E-post:
jarle.grotle@online.no
Nettside:

Hvor er Veljebua?