Bestill

Vidar Hop Skyssbåter AS driv skyssbåtservice innan ambulanse, passasjerruter, charter og opplevingsturar. Selskapet er heimehøyrande i Solund kommune med base i kommunesenteret Hardbakke. Vidar Hop Skyssbåter AS tilbyr spanande turar langs Vestlandskysten for private og bedrifter. I Solund sin skjærgard med sine fleire hundre øyer er mannskapet lommekjent og kan gje deg ei flott båtoppleving i dette vakre området.

Vestlandske skjærgarden

Vidar Hop Skyssbåter AS har gode samarbeidspartnarar innanfor overnatting og matservering. Om ein ynskjer ein sightseeingtur i den spanande vestlandske skjærgarden, eller om ein vil strekkje turen over fleire dagar med matservering og overnatting i vakre maritime omgivnader, kan dei saman med samarbeidspartnarar lage turar for einkvar smak!

Ta kontakt med Vidar Hop Skyssbåter AS dersom du ynskjer eit tilbod for ei fantastisk oppleving i og rundt Solund sine mange øyer. Her kan dei øage ein tur som tilfredstiller dine ynskjer!

Kontakt

Adresse:
  • Hop
  • 6924 Solund
Telefon:
97018145
E-post:
post@vidarhop.no
Nettside:
www.vidarhop.no/

Fasiliteter

Sitteplasser på dekk:
Toalett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Vidar Hop Skyssbåter ?