Hopp til hovedinnhold

Kjøkkenet på Walaker Hotell har hausta mange lovord om maten og råvarene som vert servert. Kvar dag vert det komponert ein framifrå 4-rettars meny, der ein brukar så mykje av dei lokalproduserte råvarene som mogleg er.

Ved ankomst til middag vil de få rykande ferskt brød, samtidig som servitøren vil ynskja dykkar hjartleg velkomne til bords. På Walaker ynskjer me at gjestene våre skal få det beste som indre Sogn har å tilby, servert i smakfulle omgjevnader. Restauranten tek maks. 64 personar. I høgsesong (juni-august) anbefalar me at de bestiller middag på førehand då restauranten vil bli full.

I tillegg til restauranten har me også ulike serveringslokal som kan tingast om det er ei gruppe som ynskjer å ha ein litt meir privat setting. Vårast selskapslokaler er følger:

Tingsalen i den gamle Tingstova (anno 1630) er det plass til 6-14 personar rundt eit stort bord. Det er også 2 stk. sofagrupper, for den som ynskjer å ta kaffien der etter middag. Vertskapet vil fortelja om historia til Tingstova samt mykje meir av Walaker og Solvorn si historie.

Smalahuset er det gamle grise/sauefjøset i det som i dag er Galleri Walaker 300 sine kjellarlokal. Her vil du sjå flott rosemåling i taket, som vitnar om den store historia til bygningen. I smalahuset er det 2 store bord, med plass til 36 personar (passar for selskap frå 10-36 personar). Etter middagen vert de også inviterte til omvisning i Galleri Walaker 300 sine lokaler, der vertskapet fortel historia og om kunstnarane som stiller ut i galleriet.

Kontakt

Adresse:
  • Solvornvegen 324
  • 6879 Solvorn
Telefon:
57682080
E-post:
hotel@walaker.com
Nettside:
www.walaker.com

Fasiliteter

Frokost:
Lokalmat:
Utsiktspunkt:
Alle rettigheter:

Hvor er Walaker Hotell - Restaurant?