Hopp til hovedinnhold
  1. Solund
  2. Solund
  3. Kinn
  4. Svanøy
  5. Florø
  6. Florø
  7. Florø
  8. Florø
  9. Måløy
1.

Solund

Varighet: 7 timar

Øyhopping Solund, Bulandet & Værlandet

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Opplev dei vestlegaste øyane i Norge og kom tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskeværet Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går i retur til Hardbakke.

Øyhopping med postbåten|© Visit FjordKysten
2.

Solund

Varighet: 4,5 timar

Fyrsafari til Utvær

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Lysblinken frå det monumentale fyrtårnet frå 1900 når 35 kilometer ut i Nordsjøen. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær.

Fyrsafari til Utvær|© Vegard Vike Engum
3.

Kinn

Varighet: 1 dag

Sagaøya Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs leia, som kan sjåast over store område.

Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.

Sagaøya Kinn|© Visit FjordKysten
4.

Svanøy

Varighet: 1 dag

Svanøy

Frå Florø går lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy, kjent som "Sunnfjords perle". Svanøy er den sørlegaste og frodigste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakt med hjorten på Norsk Hjortesenter. Kjekt for både liten og stor! Svanøy si historie er mangfaldig og på den guida turen får du omvisning på vakre Svanøy Hovedgård som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. Svanøy er kjent for å produsere hjort og laks av høg kvalitet. Etter den guida turen kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer. Guida turar går fast på sommaren og blir tilbudt på førespurnad resten av året.

Vil du oppleve meir av Svanøy er det også mogleg å leige sykkel på nærbutiken på kaia, og utforske øya på to hjul. Eller du kan ta beina fatt og sjekke ut dei mange blåmerka turløypene. I sommar er det også mogleg å bestille overnatting på den ærverdige Svanøy Hovedgård. Det er bilførande rutebåt mellom Florø og Svanøy 7 dagar i veka.


5.

Florø

Varighet: 1 dag

Askrova

Kryssar ein Rekstafjorden kjem ein til Askrova og Tansøy. Det er to øysamfunn med til saman 79 fastbuande, der jordbruk er den viktigaste levevegen. Askrova er heller flat og nokså langstrakt, og den 7,5 kvadratkilometer store øya har sitt høgaste punkt på 233 m.o.h. Øya Tansøy ligg like ved, berre det 100 m. breie Tansøysundet skil dei med ei bru. Øya har eit flott turterreng. Då det er lite skog på øya er det god utsikt i alle retningar.

6.

Florø

Varighet: 1 dag

Reksta

På øya Reksta rett vest for Florø ligg Rognaldsvåg med omlag 80 innbyggjarar. Fiskeværet har ein sjeldan bygningsmasse med våningshus, naust og buer. Staden har to hamner med ein særprega kanal i mellom, der sjøhusa står tett i tett. Rognaldsvåg er rik på atmosfære og kulturminne som gravplassar og hustufter frå vikingtida. Med storhavet som næraste nabo er utgangspunktet for naturbaserte fritidsaktivitetar det beste, vi kan freiste med sportsdykking, windsurfing, fiske og turgåing. Ein fottur over Reksta på langs er ei flott oppleving, enten du går Sunnivaleia langs sjøen, eller du går over alle tre fjelltoppane.

Reksta
7.

Florø

Varighet: 1 dag

Batalden

Batalden er ei øygruppe med mange mindre øyer. Store Batalden ligg på sørsida av Hellefjorden, om lag 10 kilometer frå Florø. Øya har ein karakteristisk pyramideform og når opp til ei høgde på 492 meter over havet, til tross for at øya kun er rundt to kilometer i diameter. Fanøya ligg litt lenger sør og øya har rundt 70 innbyggarar. Her er butikk og ein liten kafe. På øya er det fine stiar og du kan gå på eit par mindre toppar og få god utsikt til Store Batalden og dei små holmane rundt.

Batalden|© Rodrigo Cordova
8.

Florø

Varighet: 2 dagar

Kystbyen Florø

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by – Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar i Strandgata, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Bli med på ølsmaking på Kinn Bryggeri, besøk kystmuseet og utforsk den flotte kystnaturen.

9.

Måløy

Varighet: 2 dagar

Måløy

Med ryggen vendt mot havet, kobla saman med fastlandet av Måløybrua er Måløy eit av landets viktigaste fiskerihamner. Bli sjarmert av Måløys gater, utforsk gatekunsten som pryder veggane i sentrum og høyr spanande historier frå krigen på Måløyraidsenteret. Du finn eit stort og fristande utval av butikkar i den små og trivelege handlegata, Gate 1. La deg bli frista av koselege kafear og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi.

I enden av gate 1 finn du gjestebrygga i Måløy. Her har du gode fasilitetar som sanitærbygg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er tilgang til vatn og strøm, og medan du griller middag på kaia kan ungane leike på leikeplassen.