Sognefjorden byr på mange barneaktivitetar og er eit fantastisk område for familieferien. Ved fjorden kan heile familien bli med på RIB, kajakkturar og fjordcruise der du kan sjå sel, nise eller ørn. Bli med erfarne guidar på Blåis familietur på Nigardsbreen eller flotte vandreturar i Aurlandsdalen, Jotunheimen og dei andre fjella rundt Sognefjorden. Besøk friluftsbadet i Øvre Årdal, Lustrabadet eller Høyangerbadet. Prøv ut idrettsbassenget, oppvarma basseng, utebasseng, barnebasseng og sklier.
Barn ved Sognefjorden
Vandring på blåisen, nærkontakt med sel, nise og ørn med kajakk, cruise eller RIB på Sognefjorden og læring om vikingar og breen
Her kan du nyte cruise på Fjærlandsfjorden eller opplev Sognefjordens villaste og vakraste sidearm, Nærøyfjorden. Unn deg eit fjordcruise i ei eineståande ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Om du vel kajakk glir du stille og miljøvennleg på fjorden. Du kan kjenna på det friske vatnet i Sognefjorden og sjå nisene leika rundt kajakken. Garantert magiske øyeblikk for heile familien.
Ynskjer barna å komma i nærkontakt med dyr, besøk Sogn Folkemuseum der kyr, hestar, høner og griser går og beitar. Ta turen innom Lund Hjortefarm i Lærdal og Hjortefarmen på Urnes der du kan bli med på hjortesafari og mate hjorten, eller reis til Skjolden for å bli betre kjent med lamaen på Gulbrandsgarden. For leik og moro, besøk Vesterland leikeland på Kaupanger med labyrintar, ballbinge, glidebane og rutsjebane. Eller kva med ein tur med Flåmsbana for heile familien?
Få ein lærerik ferie ved å besøke Norsk Bremuseum i Fjærland eller Breheimsenteret i Jostedalen, der du blir kjent med isbreens opphav og bli med på eksperiment med ekte bre-is, eller Vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen der du kan prøve å leve som ein ekte viking.