Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetips

Dei vakraste sykkelperlene i storslått natur | FjordKysten og Sunnfjord

Vår
Sist oppdatert: 30.01.2024
© Visit FjordKysten
© Visit FjordKysten

I vakker storslagen natur kan du utforske FjordKysten og Sunnfjord og våren frå sykkelsetet.

Har du nokon gong lurt på korleis det vil vere å ha naturen heilt for seg sjølv? Tenk ikkje lenger. Om våren kan du nyte det gode liv i fred og ro. Her finn du fort kvilepulsen, omgitt av mektig natur, eit vakkert kystlandskap, dei kraftfulle fossane og majestetiske fjell.

Drøym deg vekk frå kvardagen til vakre omgjevnadar like nord for Bergen. Langs heile FjordKysten og Sunnfjord er det flotte forhold for sykkelturar om våren. Høyr fuglane kvitre, sjå blomane blomstre og nyt lyden av dyra som endelig har komen seg ut på beite.

I eit vakkert kystlandskap omringa av ope hav, majestetiske fjell og djupe fjordar gir vi deg dei vakraste sykkelperlene i storslått natur. Her vil du komme tett på naturen slik du elles ikkje opplev den.

Oppdag kystperlene frå sykkelsetet

Sykle mellom 1700 øyar, holmar og skjer vest i havet

Sykle mellom små grendesamfunn og variert natur i Norges vestlegaste kommune – Solund. Her vil du komme tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyar, holmar og skjer. Den lokale postbåten binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Det gjer at du fint kan kombinere øyhopping med sykkelopplevingar.

På sykkel i Solund

Oppdag dei små, idylliske stadene i Hyllestad

Med vakker fjordutsikt og majestetiske fjell som følgesven er Hyllestad ei idyllisk bygd, og perfekt for sykkelopplevingar. Utforsk dei fantastiske steinbruene som er eit særmerkje for den Trondhjemske Postvei, og stopp ved Kvernsteinparken, med omvisingar og aktivitetar juni - august. Opplev ein variasjon av fjordlandskap og landlege omgjevnader på berre få meter. Hyllestad gir deg dei beste opplevingane.

På sykkel i Hyllestad

Frå vakkert fjordlandskap til idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet

Askvoll byr på det meste når det gjeld naturopplevingar. Sykle til Follevåg og nyt spektakulære solnedganger, eller ta med deg sykkelen på øyhopping mellom øysamfunna Atløy, og Værlandet og Bulandet lengst vest i havgapet. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som likar sykling, padling, fiske eller fotturar. Bestig Alden – Den Norske hest. Fjeller er 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs.

På sykkel i Askvoll
Tre personer sitter i gresset og smiler og ler
© Visit FjordKysten

Nyt småbyidyllen medan du har kort avstand til spanande aktivitetar og naturopplevingar

Sommargjestene har endå ikkje inntatt gatene i Florø, noko som gir deg fritt spelerom til dei beste opplevingane byen har å by på. Nyt god mat og drikke i den koselege Strandgata, eller utforsk den spektakulære skjergarden rett utanfor. Sykle på den irrgrøne, grasdekte øya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og Kinnaklova. På den frodige øya Svanøy kan du bu på vakre Svanøy Hovedgård og få nærkontakt med hjorten på Norsk Hjortesenter. Er du ute etter spektakulær utsikt anbefalar vi å kombinere sykkel med fottur på øyane Askrova, Reksta og Skorpa.

På sykkel i Florø
Sykkeltur i øysamfunn
© Visit FjordKysten

Kom tett på idyllisk vestlandsnatur og eit variert landskap

Å sykle i Sunnfjord byr på mange gode opplevingar. Her syklar du frå fjord til fjell, frå skog til opne marker, forbi vatn og gjennom dalar på berre nokre kilometer. I dette vakre landskapet er det alltid noko fint å kvile auga på. Rutene går for det meste langs lite trafikkerte vegar, og du kan såleis sykle i ro og fred.

På sykkel i Sunnfjord

Eit urbant møte i havgapet

I Måløy har nærleiken til havet satt sitt preg på både næringsliv, landskap og menneske. Her kan du oppleve alt frå idylliske stader til mektige naturopplevingar. Sykle til den 1,5 km lange sandstranda Refviksanden og nyt årets første bad. Med si krittkvite skjelstrand er dette ei av Norges finaste badestrender. Bli fascinert av Kannesteinen – ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra. Kannesteinen er forma av hav og bølger gjennom fleire tusen år. Har du alltid drøymt om å bu på eit fyr? I Måløy finn du fleire fyr, og overnatting på Skongenes eller Kråkenes fyr gir deg ei oppleving du seint vil gløyme. Her kan du sovne til havblikk, måseskrik og fargesprakande eksplosjonar på himmelen.

På sykkel i Måløy

Kombiner mektige natur- og kulturopplevingar.

I Fjaler finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander. Sykle frå Askvoll over Dalsfjordbrua til den sjarmerande fjordbygda Dale. Her finn du eit godt utval av butikkar og kaféar. Besøk fødestaden til den folkekjære diktaren Jakob Sande, og ta ein tur til kulturvandringsløypa i Jakob Sandes fotspor. Sykle vidare til Hellevik. Her finn du Leonards Forlaavelse som byr på spenande lokal mat og opplevingar.

Bli inspirert til di reise i FjordKysten og Sunnfjord

FjordKysten og Sunnfjord er fylt med spektakulære opplevingar. Vi trur du også vil like desse

Kysten av Sogn og Fjordane - som skapt for eventyr!

Kysten av Sogn og Fjordane - som skapt for eventyr!

FjordKysten og Sunnfjord har ei eineståande kystlinje med tusenvis av øyer, tronge fjordar, kvite strender og mektige fjell. God plass og lite trengsel gir rom for opplading og ny energi.

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Sunnfjord byr på ei rekkje ville, vakre og majestetiske fossefall, der naturkreftene verkeleg kjem til sin rett. Frå brusande kaskadar til elegante vassløp som slyngjer seg ned fjellsidene – her finn du naturopplevingar som tek pusten frå deg. Vi gir deg fantastiske fossar du kan oppleve på nært hald!

Familieferie i FjordKysten og Sunnfjord

Familieferie i FjordKysten og Sunnfjord

Opplev FjordKysten og Sunnfjord og skap gode ferieminner for heile familien! Her kan barna aktivisere seg i timesvis i fjæra, dra på fisketur og finne sin spesielle badeplass blant holmer og skjer.

Aktiv Norgesferie

Aktiv Norgesferie

Ønskjer du ein aktiv ferie med varierte opplevingar så er FjordKysten ein perfekt base for å skape gode ferieminner!

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement