Hopp til hovedinnhold

I diktarens fotspor

Den folkekjære diktaren Jakob Sanden er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Han voks opp i ein liberal og samfunnsengasjert heim, og musikk og song var ein vesentleg del av tilværet.

På Jakob Sande tunet kan du finne Bestefarsstaua med museumssamlinga, løa og våningshuset med kontor, diktar-residens og overnatting. Om sommaren er tunet ope med sommarkafé og litterær sommarsalong på løa, og du kan følgje ein omvisar i diktarens fotspor.

Teaterfestivalen i Fjaler

Den aller første teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan. Festivalen er programmert ut ifrå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå.

Teaterfestivalen i Fjaler|© David Zadig

Korssund

Den gamle gjest-gjevarstaden heilt vest i Fjaler har ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen "Olavskross", og er ein av dei største i landet.

Korssund

Skumringstur på Dalsfjorden med Bakkejekta

Bli med på segltur med Bakkejekta på Dalsfjorden. Her får du oppleve ei vakker fjord, bygder og fjell, og du får høyre gode historier om fjordfolket, naturen og islendingane. Er det vind får du oppleve ei jekt frå 1700-talet under segl.

Sorenskrivargarden Lillingstonheimen

På Tysse finn du sorenskrivargarden Lillingstonheimen med ein vakker park og gravstad, Fredensborg, som vart anlagt av sorenskrivar Nils Landmark. Lillingstonheimen er eigd av fortidsminneforeninga og er open for omvising og overnatting.

Kulturvandring i Dale

Vil du gjere deg meir kjend med bygningane og historia til bygda Dale bør du skaffe deg heftet Kulturvandring i Dale (2014). Det er å få kjøpt i 1. etasje på Fjalerhuset og i Jakob Sande-tunet.

Det er også ei eiga kulturvandringsløype i Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale. Via mobilen din kan du lytte til og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. Sjå meir på kulturvandring.no

Mat og Overnatting i Dale