Festivalar i mai

Fjærafestivalen

Kom og opplev Fjæra og alle dei kjekke aktivitetar ein kan oppleva her, alt frå fjord til fjell. Under Fjærafestivalen kan du oppleve aktivitetar som 3 ulike Via Ferrata løyper, Juving, topptauklatring, kajakk/kano/SUP, fjellturar, og natursti med meir.

Festivalar i juni

Mostradagane

Mostradagane arrangerast i helga 2 -4. juni, her reiser ein tilbake i tid og presenterer mellomalderen gjennom musikk, seminar og utstilling. Dette vil bli ei helg for både barn og vaksne. Ta på deg hjelm og ta med skjold! Dette blir kjekt!

Festivalar juni 2023

Festivalar i juli

Tysnesfest - Ein festival i sjøkanten

Ein av dei største festivalane i Sunnhordland er Tysnesfest. Frå 1-6. juli kan du koma sjøvegen til Våge på Tysnes og oppleve musikk frå Chris Holsten, CC Cowboys og Ronan Keating for å nemna nokon.

@Tysnesfest|© Øystein Vaage / Tysnesfest

Festivalar i august

Ein kulturell folkefest

Etnemarknaden er ein av dei største i sitt slag på Vestlandet. Etnemarknaden tilbyr gode kultur- og familieopplevingar for både små og store. Etne og Etnemarknaden ligg sentralt i høve til Sunnhordaland, Nord- Rogaland og Hardanger.

Visit Sunnhordland