Festivalsommar i Sunnhordland 2022
Endelig festivalsommar 2022. Frå mai til august finn du eit stort utval av festivalar i Sunnhordland. Her vil du finne noko for kvar ein smak.
Sommarrevyen på Fitjar
Kvar sommar kan du oppleve "Fitjarrevyen" på Fitjar Fjordhotell. Her er det topp stemning med revy av Ole Bergesen og co i revyteltet. Etter revyen er det fantastisk allsong etterfulgt av pianobar og levende musikk i restauranten. Blir du med i sommar?
Festivalar i juni
Mostradagane
I pinsehelga 02. - 05. juni kan du oppleve "Mostradagane" på Bømlo. Her blir det teaterførestilling , konsertar og andre kulturelle arrangement for store og små.
Festivalar i juli
Tysnesfest - Ein festival i sjøkanten
Ein av dei største festivalane i Sunnhordland er Tysnesfest. Frå 1-6. juli kan du koma sjøvegen til Våge på Tysnes og oppleve musikk frå Chris Holsten, CC Cowwboys og Ronan Keating for å nemna nokon.
Festivalar i august
Ein kulturell folkefest.
Etnemarknaden er ein av dei største i sitt slag på Vestlandet. Etnemarknaden tilbyr gode kultur- og familieopplevingar for både små og store.
Etne og Etnemarknaden ligg sentralt i høve til Sunnhordaland, Nord- Rogaland og Hardanger.