Hopp til hovedinnhold
Sunnhordland er ein kystrik region med mange flotte båthamner på vegen.
Påsken er den tida på året at ein byrjar å gjere seg klar og sjøsette båten for sin fyrste båttur. Her kan du finne ei oversikt over alle båthamnene i Sunnhordland og inspirasjon til kva du kan gjere i nærleiken av dei.
I fleire hamner er det gode restaurantar, kafear, leikeplassar og fine gåturar.
God sjøsetting!

Det beste langs kysten - gjestehamner med unike matopplevingar og aktivitetar for store og små

I heile kystregionen Sunnhordland finn du store og små gjestehamner med ulike opplevingar. Dei større tilbyr shopping, restaurantar og museum, medan mindre gjestehamner byr på naturopplevingar, ro og varme rundstykker i nærbutikken.

Fantastiske matopplevingar

Dersom du legg til kai i Bekkjarvik gjestehavn, kan me anbefala eit besøk på Bekkjarvik Gjestgiveri. og det nye flotte Beckerwyc House. Her får du servert nydeleg mat laga med ferske, lokale råvarer. Blant dei dyktige kokkane deira har du verdsmeister Ørjan Johannessen (gull i Bocuse d´Or Lyon 2015). Ørjan opna hausten 2023 den flotte nye restauranten Mirabelle by Ørjan Johannessen. Kom og nyt eit island gourmet måltid.

I tillegg har gjestehamna alt du treng av fasilitetar, det er turstiar like i nærleiken og ovanfor hamna ligg eit koseleg kjøpesenter.

Ein anna velkjend restaurant med utsøkt, lokal mat på menyen er Mandelhuset som ligg ved Våge gjestehamn.

Bekkjarvik

Shopping og kafear

Ei av dei største gjestehamnene i Sunnhordland ligg i Leirvik sentrum, i Stord kommune. Her er du i gåavstand til kjøpesenteret Amfi Stord, restaurantar, kafear med uteservering, galleri og museum. I gågata finn du den populære lunsjkafeen Urt & Ugras som serverer friske smakar med lokale råvarer.

Vestlandsk idyll

Bømlo ligg ut mot havet i vest, men om du tek sjøvegen innover Kulleseidkanalen kjem du til ei lun hamn. Her ligg Kulleseidkanalen gjestehamn som byr på god mat i restauranten og arrangement heile påsken. Dei har og bubilparkering ved sjøkanten.

Me kan og anbefale ein tur til den bilfrie øya Espevær, som er ei unik perle. Her kan du nyte utsøkt mat på Gamleposten 5444, og besøke musea Hummarparken og Baadehuset.

Gjestehamner i Sunnhordland