Sykkel langs Sognefjorden

Nokre av dei finaste sykkelruten i Norge ligg langs Sognefjorden der du kan sykle Den Romantiske vegen, leige sykkel til UNESCO Urnes Stavkyrkje eller oppleve den verdskjende Rallarvegen mellom Flåm og Myrdal. Her finner du ditt sykkeleventyr i Sognefjorden

Vandring ved Sognefjorden

Rundt Sognefjorden finn du nokon av dei vakraste og mest populære område for fotturar og toppturar i Norge. Jotunheimen Nasjonalpark, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Keipen, Utladalen, Kongevegen, Bakkanosi og mange andre merka turløyper i Sognefjorden. Det er mange flotte turar å velje mellom.

Aktivitetar i Sogn

Reiser du til og rundt Sognefjorden finns det eit bredt utval av aktivitetar for store og små. Enten du er aktiv og vil ut i naturen, eller føretrekker å sjå kultur med kvilepuls finn du garantert noko som passar for deg!

Norges mest innholdsrike fjord tilbyr tur med den ikoniske Flåmsbana, Fjordcruise på UNESCO Nærøyfjord og sightseeing tur til Stegastein. Nyt den storslegne naturen frå RIB-båtane der guiden om bord stoppar for å sjå etter sel, nise og ørn. Ynskjer du å kjenne på det friske vatnet, kva med ein kajakk tur eller prøv SUP i storslått vakker haust natur?

Blir med Capt. Tor på fisketur i Balestrand området der du får være med å dra opp teiner eller prøv lykka med å dra opp fisk frå Norges djupaste fjord.

Sit side om side med ein venn i ei trallevogn mens FjordHusky tek deg med på tur mellom de majestetiske fjella i Sognefjorden. Lær alt om hundemusking og opplev hunden sin kjærleik til å løpe.

Sognefjorden med familien

Sognefjorden byr på mange barneaktivitetar og er eit fantastisk område for haustferien.

For leik, moro og bading besøk Vesterland leikeland på Kaupanger med labyrintar, ballbinge, glidebane og rutsjebane. Lustrabadet og Høyangerbadet har idrettsbasseng, oppvarma basseng, utebasseng, barnebasseng og sklier.

Få ein lærerik ferie ved å besøke Norsk Bremuseum i Fjærland eller Breheimsenteret i Jostedalen, der du blir kjent med isbreens opphav og bli med på eksperiment med ekte bre-is, eller Vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen der du kan prøve å leve som ein ekte viking.

Ved fjorden kan heile familien bli med på RIB, kajakkturar og fjordcruise der du kan sjå sel, nise eller ørn. Eller kva med ein tur med Flåmsbana for heile familien?

Kom tettare på dyra i Sognefjorden der FjordHusky tar deg med på tralletur med hundane i nydeleg vakker natur, eller bli med Capt. Tor på fisketur i Balestrand?

Overnatting i Sognefjorden

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blå brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar. Hytter, historiske hotel eller bed & breakfast. Herberge eller gardsopphald. Sognefjorden har noke for ein kvar smak.