Hopp til hovedinnhold

Ønskjer du det lille ekstra når du skal på ferie? Då anbefalar vi å sjekke inn på herskapelege overnattingsstader. Her kan du bu på anglifisert sorenskrivargard, og sveitservilla som fortsatt har sitt særeigne preg i moderne stil.

Bu i historisk sveitservilla på Skjerjehamn

Eit brev frå 1641 er det eldste beviset på at det har vore gjestgiveri på Skjerjehamn. I den gamle sveitservillaen har tida nesten stått stille. Sjølv om villaen har blitt modernisert til dagens standard, er den gamle stilen framleis ivaretatt.

La kvilepulsen inntreffe og kreativiteten strømme

Sveitservillaen på Skjerjehamn|© Skjerjehamn

Handelsstaden Skjerjehamn ligg ved innløpet av Sognefjord - verdas lengste fjord. Her har havet danna livsgrunnlaget til Skjerjehamn i tusenar av år. Skjerjehamn har vore eit viktig knutepunkt for fiske, handel og industri, og på byrjinga av 1900-talet var det ein av dei største hamnene på Vestlandet. I dag finn du opplevingar gjennom aktivitet, arrangement og lokale matopplevingar.

Etter ein deilig frukost kan du nyte ein spasertur i Blue Garden. Den blå hagen er ein utandørs utstilling om havbruk der du kan utforske korleis opprett av laks og ørret fungera i Norge i dag, og kvifor det vil bli viktig for verda i morgon.

Reis på guida tur til Gulatinget med RIB-båt. Tusenårsstaden Gulatinget er eit av dei eldste regionale tinga frå vikingtida, og danna grunnlag for at Norge vart ein demokratisk rettstat med eit styresett basert på representative samlingar.

Etter ein opplevingsrik dag er du tilbake på Skjerjehamn. Her kan du nyte ein betre middag med fokus på lokal og kortreist mat. Her finn du eigenrøkt ørret eller kalv frå den lokale gården. Til maten passar det godt med lokalbrygga øl eller anna god drikke

Skjenkestova

Etter middag kan du gå opp til skjenkestova eller stovene i sveitservillaen. Her kan du få servert eigenrøkt ørret, spekemat og lokalbrygga øl.

Herskapelege helgeopplevingar hos Lillingstonheimen og Leonards Forlaavelse

Drøym deg vekk frå kvardagen med ein herskapeleg weekend vertskapa i Lillingstonheimen og Leonards Forlaavelse. Her finn du fort kvilepulsen, omgitt av spanande historie, mektige naturopplevingar og smakfulle overraskingar.

Ved idylliske Tysse i Fjaler finn du Lillingstonheimen. Bygningane på garden vart kjøpt av sorenskrivar i Sunnfjord, Niels Landmark kring 1809. Han bygde det opp til eit mønsterbruk for moderne jord- og hagebruk. i 1880 kjøpte den engelske språkforskaren Claude Lillingston garden og flytta dit med familien sin. Here sette familien Lillingston sitt særeigne sprek på dei godt bevarte interiøra, som er ei blanding av engelsk og norsk stil.

Etter ein god natts søvn og omvisning på eigedomen, drar du ein kort tur i bil/båt/sykkel på dagsutflukt til Leonards Forlaavelse. Her ventar eit herskapeleg måltid og eksklusiv shopping.

Leonards Forlaavels er ein småskala spisestad og oppleving. Her finn du særprega matoppleving og ein interiørbutikk med intil og autentisk atmosfære. Vertskapet i Forlaavelsen kan også by på omvising i kystkulturminnet Nilsbua på Hellevik kai, eller i hovudhuset på Hellevik gard

Skumringstur med Bakkejekta

Nærleik til fjord, fjell og fiskevatn gir rike moglegheiter for friluftsaktivitetar.

På kvelden kan du bli med Bakkejekta på skumringstur på den vakre Dalsfjorden. På vegen over fjorden kan du høyre historier om livet den gong fjorden var ferdselsvegen og jektene hadde si storheitstid. Du vil og få høyre historia om Ingolf Arnarson. Han var frå Rivedal i Askvoll, og den første som busette seg på Island

© Visit FjordKysten

Herskapelege Svanøy Hovedgård

Bu på den ærverdige bygninga Svanøy Hovedgård. Her vil du finne roen, kjenne på historia i veggane og få servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt.

Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Her kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre om tida som adelssete og om driftige haugianarar, og du får anledning til å nye maten i spisestova med handmåla tapetar medan du nyt utsikta i hagen og bukta utanfor - slik adelsmenn og haugjenarar gjorde i si tid.

Opplev Svanøy

Med turstiar på fjell og langs vatn, lune badevikar, flotte sykkelvegar og havet utanfor, er det berre fantasien som set grenser for aktivitetane.

Norsk Hjortesenter

Ved den idylliske Kvalstad gard 4,4 km unna Svanøy Hovedgård finn du Norsk Hjortesenter. Ei omvising blant dyra på Norsk Hjortesenter vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme

Norsk Hjortesenter|© Johan Trygve Solheim

Svanøy Hovedgård er kun tilgjengeleg for grupper over 10 personar. I sommarsesongen er det sommarhotell.