Hopp til hovedinnhold

Kysten av Sogn og Fjordane er som skapt for eventyr, enten saman med dine kjære eller med vennegjengen. Denne makelause kystlinja er staden for gode opplevingar. Kysten, i kombinasjon med fjell og fjord, gir heilt unike naturopplevingar.

Besøk dei sjarmerande øysamfunna, fjordbygdene og dei små kystbyane, og utforsk den vakre naturen.

  1. Måløy
  2. Florø
  3. Askvoll
  4. Værlandet og Bulandet
  5. Fjaler
  6. Hyllestad
  7. Solund
1.

Måløy

Varighet: 3 dagar

Måløy er fargelagt med flott kunst som representerar kystkulturen i Vågsøy. Kjøp deg ein kopp kaffi og spaser langs gatene i Måløy. Her vil du finne fleire veggmåleri som fangar ein kvar. Om du vil vite meir om historia bak desse måleria kan du lese meir om det her.

I Måløy kan du og bli med på yoga-retrat, kajakkturar og coasteering, eller vandre langs krittkvite strender.

Eit urbant møte i havgapet

Med ryggen vendt mot havet, kopla saman med fastlandet av Måløybrua er Måløy ei av landets viktigaste fiskerihamner. I Gate 1 kan du besøke den små og trivelege handlegata. La deg bli frista av koselege kaféar og restaurantar der du kan velje i alt frå fish and chips til sushi. Ta turen innom Måløyraidsenteret og opplev dei interaktive utstillingane som gir deg eit levande inntrykk av dramatikken frå 2. Verdskrigen.

Fyrovernatting

Er du på utkikk etter ei oppleving utanom det vanlege? Då er fyrovernatting noko for deg! Kysten av Norge er langstrakt, og ein finn mange fyrtårn som loser sjøfarande trygt mot land.

Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjar som verst bankar bølgjer og sjøsprøyt på vindauget for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne.

Ved Skongenes fyr kan de oppleve ein frisk og annleis langhelg i det fri. Her kan de kose dykk på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stiar og spennande stadar å oppdage.

2.

Florø

100 km2 timar
Varighet: 3 dagar

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by - Florø. Ein by som var senter for sildefisket både på 1800-talet og i 1950-årene. I dag eit senter for å legge til rette for bruk av hydrogen til nullutslepp framdrift av fartøy.

Ølsmaking i hjarte av Florø

Bu godt og nyt god mat på dei hyggelege byhotella. I Florø ligg også Kinn Bryggeri, kjent for sitt gode handverkarøl bryggja på gamlemåten. På ølkaféen Vesle Kinn midt i hjartet av Florø kan du bli med på ølsmaking, konsertar og kulturarrangement. Her kan du kikke inn i gjæringsrommet, sitte blant eikefat fylt med øl og prøve ein smaksplanke med forskjellige Kinn-øl.

Kystmuseet i Florø

Kystmuseet i Florø ligg ca to kilometer frå sentrum av Florø. Her er det historiske utstillinger, oljeutstilling, friluftsmuseum og museumsløype. Ein rusletur i gatene i Florø byr på eit rikt utval av galleri, små interiør- og klesbutikkar, restaurantar og små, hyggelege kaféar.

Opplev skjergarden

Ta den lokale båtruta frå Florø ut til sagaøya Kinn med si vakre middelalderkyrkje og den karakteristiske Kinnaklova. Kinnaklova vil du kjenne att som ein del av logoen til Kinn Bryggeri, og er elles eit ynda motiv for Instagrambilete.

Bu herskapeleg på Svanøy Hovedgård. Her vil de finne roen, kjenne på historia i veggane og få servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt. Den staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden, og har heilt sidan vikingtida vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Her vil du få anledning til å nyte maten i spisestova med handmåla tapetar medan du nyt utsikta til hagen og buka nedanfor - slik adelsmenn og hauginarar gjorde i si tid.

3.

Askvoll Værlandet og Bulandet

116 km2 timar
Varighet: 3 dagar

I Askvoll kan de nyte eit romantisk avbrekk i unike omgjevnader. på ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet.

Ypparleg utgangspunkt for å oppleve FjordKysten

Askvoll Fjordhotell ligg i hjarte av Askvoll og er eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve den vakre FjordKysten. Få servert god, heimelaga mat, basert på lokale råvarer, og slapp av i den koselege hotellhagen.

Utforsk Askvoll ein vakker haustdag. Her kan du nyte eit godt måltid på Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke med flott utsikt over båthamna, og kanskje vandre ein tur i kulturvandringsløypa som startar i hamna like utanfor.

Værlandet og Bulandet

Opplev Norges vestlegaste bebudde samfunn, øyriket Værlandet og Bulandet, vest for Askvoll. Øyane her er som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og ein veg på 11 km. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske og fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet.

Atløy

Besøk den sjarmerande øya Atløy og la deg sjølv bli fanga av vakre omgjevnader. På Atløy finn du trekyrkja Vilnes kyrkje som vart bygd i 1674. Øya er eit turparadis med mange gode turmoglegheiter. Kva med ein topptur til Skredvarden 636 meter over havet, eller besøk Brurastakken, pynta i stripete skjært i svart, kvitt og grønt. Brurastakken er lett synleg når du kjem sjøvegen og er eit eldorado for geologar på feltarbeid.

4.

Fjaler

33 km34 minutt
Varighet: 3 dagar

Fjaler byr på mektige natur- og kulturopplevingar. Her finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander.

I den sjarmerande fjordbygda Dale finn du eit godt utval av butikkar og kaféar. Besøk fødestaden til den folkekjære diktaren Jakob Sande, og ta ein tur til kulturvandringsløypa i Jakob Sandes fotspor. Gå ikkje glipp av "verdens beste" karamell frappe på Fabel Kafé og Motell og dei fantastiske skillingsbollane hos Allmuen Kafé & Interiør.

Lokal mat og opplevingar

Leonards Forlaavelse på Hellevik byr på spanande lokal mat og opplevingar. Her finn du ein stor ostedisk og interiørbutikk, og du vil oppleve ei intim og autentisk atmosfære.

5.

Hyllestad

32,3 km 34 minutt
Varighet: 3 dagar

Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Du bur godt i velutstyrte feriehus eller på eit koseleg familiehotell. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert.

Majestetiske Lihesten

Det er rike turmoglegheiter i Hyllestad, og ein av dei mest populære toppturane langs FjordKysten er Lihesten, den majestetiske fjellet som stig rett opp av sjøen og som du ser frå langt hald. Det er merka tursti frå Lifjorden. Ønskjer du litt mindre krevande turar så vil vi anbefale ein tur til dagsturhytta Sørefjordhytta, som er Hyllestad si dagsturhytte. Eller ta ein rusletur på godt tilrettelagt stiar i Kvernsteinsparken og kombiner tur med kultur og historie.

Fiskeeldorado

Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, leige båt og reise på eiga hand, eller fiske i eit av dei mange fiskevatna.

Om du heller ønskjer å oppleve sjøen frå nærare hald kan du padle i kajakk mellom holmar og skjer, langs hav og fjord, eller på flotte vatn i kommunen.

6.

Solund

54,5 km 2 timar
Varighet: 3 dagar

Solund er den vestlegaste kommunen i Norge. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Solund ligg kun to timar frå Bergen og er eit utmerka reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar.

Øyparadiset Solund er kjent for øyhopping, kajakkturar og sin unike geologi. Bli med den lokale postbåten på øyhopping til det idylliske fiskeværet Gåsvær, her får ein muligheit til å gå på land og utforske øya.

Padle mellom holmar og skjer lengst vest i Norge

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakkert urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Her kan du oppleve sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå kajakken. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute å padlar?

Turmoglegheiter for store og små

Bergarten konglomerat, som prydar heile kommunen er eit vakkert syn. Utforsk dei mange fjellturane i området, her finn du turmoglegheiter for både store og små. Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtala som Dronninga av øyriket. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge. Over Hardbakke ruvar Ravnenipa, 232 meter over havet. På toppen av fjellet har ein flott utsikt vestover og ein kan sjå heile kommunesenteret.

Fyrsafari til Utvær

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Utsikta frå toppen av fyret er fantastisk! Kvar laurdag frå slutten av juni til midten av august kan du bli med på fyrsafari.