Hopp til hovedinnhold

Dagane blir lysare. Vinteren gjer Sunnmørsalpane til eit stort leikeland med toppturar, skisenter og forfriskande fjordluft. Oppi det heile poppar også gourmetopplevingar opp i Stranda sentrum. Hit kjem kjende PopUp-kokkar og nyttar lokale råvarer til å skape smakane du aldri gløymer.

To hemmelige kokker som gjemmer seg bak salatblad.
Følg med på kven som bli gjestekokkar på PopUp Stranda | © PopUp Norge
«Vi pakkar sekken med vin, servitørar, interiørarkitekt og ikkje minst kokkar som kan skape den beste opplevinga med lokale råvarer og gode forteljingar» fortel Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.


Toby Skinner i Conde Naste Traveller utropte Stranda som ein av dei beste skidestinasjonane i Europa. I Sunnmørsalpane får du fantastiske fjell, men også fjordutsikt og gode opplevingar.


Frå 28. februar og til 29. mars 2025 får fjord- og fjellbygda Stranda ein ekstra attraksjon. Skinkerådhuset midt i sentrum blir til ein innbydande restaurant kokkar og menyar i særklasse.

Jannet Aksnes og resten av gjengen i PopUp Norge elskar å reise rundt i landet vårt for å skape topp-restaurantar der ingen skulle tru at nokon kunne drive med smaksmenyar.

«Men det er det klart vi kan! Vi har med kokkar, servitørar, interiørarkitektar og vin. Bygda stiller med eit fantastisk innreidd Skinkerådhus, råvarer, nydeleg natur og for Strandas del: ei svært rik industrihistorie og utruleg positive innbyggjarar,» fortel Jannet med entusiasme.


Ho har fått med seg lokale historieforteljarar til å formidle industrihistoria.

Matrett Popup Norge
Delikate matrettar som appellerer til alle sansar. | © Håkon Hoseth/PopUp Norge
«Restauranten vår blir eit møtepunkt mellom tilreisande og dei som bur i nærområdet. Det har det blitt der vi har gjort det før, frå Svalbard i nord til Otternes i Aurland i sør. Med nye kokkar og tilbod kvar veke kan du få noko nytt heile tida,» utdjupar mat- og reiselivsentusiasten.

Toppkokkar kjem til Stranda, har med seg sine idear og favorittråvarer, blir inspirert av naturen, historia, råvarene og skapar unike matopplevingar i fjordbygda som ligg i hjartet av Sunnmørsalpane.


«Når kokken får møte dei lokale produsentane oppstår ofte dei gode ideane som fører til dei beste rettane.» Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.
Kreps - PopUp Norge
Fersk kreps rett frå fjord til fat | © PopUp Norge

Program for PopUp på Stranda

Skinkerådhuset blir restaurant frå 28. februar til 29. mars.
Her finn du litt meir detaljar om kva som skal skje og når:

  • Kvar laurdag kl. 12.00 - 16.00 kan du nyte Afternoon Tea
  • Mandag–laurdag kl. 19.00 byr PopUp-kokken på 4-retters meny, med unntak av 6. - 8. mars og 20. - 22. mars.
  • 6. - 8. mars kjem gjestekokk med 7-10-retters meny
  • 20. - 22. mars kjem gjestekokk med 7-10-retters meny

Eit alpelandskap med fjordutsikt

Stranda ligg midt i Sunnmørsalpane. Her er det gode skiforhold for deg som vil bli med Ræin Adventures eller Uteguiden guida topptur, eller nyte ein dag på eit skisenter der du ser fjorden, og kan suse ned over deilige fjellsider.


«Stranda er ikkje berre ei matoppleving. Det er ein skidestinasjon.» Jannet Aksnes, gründer og dagleg leiar i PopUp Norge.

Når du først er i Sunnmørsalpane bør du nytte høvet til å gli gjennom snøen. Både på Strandafjellet og Fjellsætra ligg toppklasses skianlegg med fjordutsikt og løype på alle nivå. Det er også mange moglegheiter for deg som vil oppleve pudderføre. Gode guidar kan også finne toppturen som passar for nett deg og følgjet ditt.

Gruppe på topptur med ski i flotte omgivelser.
Guiden tilpasser turen etter været og erfaringene til deltakerene. | © Uteguiden

Jorda og lufta gjer noko med folka – og maten

Litt sør for Stranda sentrum ligg Skarbø gard. Der har familien til Kristine Skarbø i åtte generasjonar skjøtt landskapet og dyra. Fjord- og fjellufta har gitt næring til folk, frukt og fe.

«Det er kjekt at kokkane set søkelys på dei gode råvarene med kort veg frå jorda her til bordet på Skinkerådhuset.» Kristine Skarbø, bonde og sider- og osteprodusent ved Skarbø Gard.
Kristine vandrar mellom epletrea heime på Skarbø. Næringa i jorda skapar epleblomster, som blir til saftige, søte og syrlege smaksopplevingar.
Kristine vandrar mellom epletrea heime på Skarbø. Næringa i jorda skapar epleblomster, som blir til saftige, søte og syrlege smaksopplevingar. | © Oddgeir Visnes / TIBE
«Her på garden er det viktig for oss at arbeidet vårt er heilt frå jorda til bordet. Smaken av våre eple og vår mjølk kjem frå dette landskapet. Det skapar sideren, jusen og osten som kokkane kan skape endå større opplevingar ut av,» seier Kristine.


Ho gleder seg til å syne fram landskapet, og at gjestene verkeleg får sjå og nyte det vi i fjordlandskapet kan by på. Jannet i PopUp Norge er einig.

«Kokkane som kjem til oss skal få kose seg med dei unike gode lokale smakane: skinka, fisken, sideren, juicen, ostane, ja, til og med Grandiosapizzaen skal dei få prøve seg på,» smilar Jannet.

Gjestane som kjem om vinteren kan handle ost og cider på den heilårsopne gardsbutikken på Skarbø Gard, nokre minutts køyretur frå sentrum i Stranda.
Eple- og osteprodukta kan smakast på, på garden og under matopplevingane hos PopUp Stranda.
Eple- og osteprodukta kan smakast på, på garden og under matopplevingane hos PopUp Stranda.

Kokkane får eit par dagar til å bli kjend med produkt og produsentar før dei set menyen endeleg. Ofte blir dei påverka av alt dei får sanse dit dei kjem, og endrar rettane slik at dei treff oss som gjester endå betre. Når dei møter Carlos, Kristine og andre som produserer, sanker og fangar mat i Stranda finn dei dei beste ideane for dei unike råvarene.


Fleire lokale bønder, sankarar og fiskarar leverer unike råvarer som du kan få servert hos PopUp Stranda i vinter. Bli med på Afternoon Tea, 4-retters meny av dei ypperste lokale råvarene og 7-10-retters smaksmeny med ein spennande gjestekokk.

La fjorden og lyset føre deg til Geiranger

Winter cruise on the Geirangerfjord in Geiranger.
Vintercruise på Geirangerfjorden er ein frisk og vakker opplevning. | © Fredrik Ahlsen, Maverix - Visitnorway.com

Følger du Storfjorden innover til Stranda kjem du til UNESCO-verdsarv Geirangerfjorden. Berre ein halvtime unna Stranda ligg ferjekaia på Hellesylt. Her kan du ta bilferja frå på verdsarvfjorden heilt til Geiranger. Turen frå Stranda til Geiranger har sjeldan vore enklare. – Og før ombordkøyring på Hellesylt kan du stikke innom Hellesylt Boutique & Bar på Hellesylt for ein triveleg handel i helgane. Du kan også velje å la bilen stå, og reise med vinterfjordcruiset til Geiranger som går mellom Ålesund, Stranda og Geiranger.
Husk å bestille billett på førehand.

Fjorden og fjella syner seg frå sine vakre og trolske sider, ikkje minst om vinteren. For matentusiasten tilbyr restaurantar som Brasserie Posten deilige, lokale smakar, men du kan også få ei rekke andre opplevingar i verdsarvsbygda, og du kan sjølvsagt overnatte der. Det er ikkje berre dufter og smakar som får auga dine til å lyse opp. Under Geiranger lyskunstfestival i midten av februar kjem norske og internasjonale lyskunstnarar og gir deg lysinstallasjonar, konsertar, og lyskunst mot bygningar og natur i verdsarvsbygda.

Reiseinspirasjon