Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Nyttig informasjon

Opplev Fjordkysten og Sunnfjord - med omsyn til natur, kultur og lokalsamfunn

Sommar, vinter, vår og haust
Sist oppdatert: 17.02.2026
Dagsturhytta i Solund ligg på ein knaus ytterst i havgapet, rett ved sjøen. Opp til hytta er det laga steintrapper. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn spektakulær natur, mektige fjordar og ikoniske fjelltoppar. Det er eit levande landskap forma av menneske, kultur og ei djupt forankra kjensle av samspel med naturen. Difor jobbar vi aktivt for å sikre at reiselivet i regionen er berekraftig, slik at framtidige generasjonar kan oppleve den same magiske naturen som du gjer i dag.

Kva tyder berekraft for oss?

Berekraft i FjordKysten og Sunnfjord handlar om meir enn berre naturvern. Det handlar om å skape levedyktige lokalsamfunn, ta vare på kulturarven og sikre at reiselivet gir positive ringverknadar. Difor arbeider vi ut ifrå tre hovudprinsipp:

  • Miljøomsyn: Vi bevarer naturen gjennom gode forvaltingspraksisar, reduserer plast og avfall og oppmodar til ansvarleg ferdsel.
  • Lokalsamfunn: Vi støttar lokal verdiskaping, fremjar lokal matkultur og involverer innbyggarar i reiselivsutviklinga.
  • Gjestadferd: Vi legg til rette for gode reiseopplevingar med respekt for naturen, kulturen og lokalsamfunnet.
© FjordKysten og Sunnfjord

Berekraft i praksis

Merket for Berekraftig reisemål

Fjordkysten og Sunnfjord er ein del av den nasjonale merkeordninga Berekraftig reisemål. Merket betyr ikkje at destinasjonane er hundre prosent berekraftige, men at dei arbeider systematisk med berekraftig reisemålsutvikling. Forbetringane må dokumenterast kvart tredje år. Ordninga har oppnådd "GSTC-anerkjent status", gjeve av Global Sustainable Tourism Council (GSTC).

Miljøsertifisering

Visit FjordKysten og Sunnfjord er miljøsertifisert og gjennomfører tiltak som informerar, støttar og oppfordrar til at fleire bedrifter blir miljøsertifisert.

Produkt som har minst ei offisiell miljøsertifisering, er merka med eit Blad. Bladet hjelper deg å finne miljøsertifiserte aktivitetar og overnattingsstader på reisa di.

Velg miljøsertifiserte bedrifter

Fjordkysten og Sunnfjord tilbyr ei rekkje opplevingar som du kan delta på med god samvit. Velg hotell, spisestadar og reisetilbydarar som er miljøsertifiserte.

Finn miljøsertifiserte overnattingsstadar
Finn miljøsertifiserte serveringsstadar
Finn miljømerka opplevingar

Relaterte artiklar

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Ditt vertskap i Fjordkysten og Sunnfjord

Vertskapet i Fjordkysten og Sunnfjord er meir enn dei som driv overnattinga eller serverer maten – dei er sjølve hjartet i opplevinga. Her blir du teken imot som gjest, men reist vidare som ven.

Opplev Vestlandet med ekte bærekraft i fokus

Opplev Vestlandet med ekte bærekraft i fokus

At stedene du reiser til skal være både bra steder og bo og bra steder å besøke, er viktig for oss på Vestlandet.

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Fjordløftet – hvordan være en god turist i Fjord Norge

Vi lover deg en uforglemmelig og skikkelig god reiseopplevelse i Fjord Norge, dersom du kan love oss et par små ting i retur:

Klimaendringar i Fjordkysten og Sunnfjord

Klimaendringar i Fjordkysten og Sunnfjord

Fjordkysten og Sunnfjord opplever merkbare effektar av klimaendringane. Regionen, kjent for sin storslåtte natur, møter utfordringar som auka temperaturar, endra nedbørsmønster og meir ekstremvêr. Dette påverkar både naturen og reiselivet, og det er viktig å setje i verk tiltak for å tilpasse seg og redusere dei negative konsekvensane.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement