Få stadar i verda kan by på eit så storslått landskap som fjordane på Vestlandet. Det gjelder ikkje minst den smale og spektakulære Nærøyfjorden, som med sine stupbratte fjellsider på opptil heile 1800 meters høgdee, ville fossefall og levande kulturlandskap kan ta pusten frå deg.
Den unike fjordarmen er 19 kilometer lang og kun 250 meter breid på det smalaste. Fjellmassiva rundt fjorden stiger stupbratt opp, med stadige brusende fossefall nedover fjellsidene. Fleire stadar langs fjorden kan du sjå små gardar utan vegsamband, som er ein arv frå den tida då fjorden var den viktigaste trafikkåren i området. Nærøyfjorden er med andre ord rik på kontrastar og gir eit unikt samspill mellom naturlandskap og kulturlandskap. Her finn vi store kontraster frå strandlinja med sitt milde klima, til høgfjell med isbrear og fonner.