Hopp til hovedinnhold

Askvoll er fylt av spanande sykkel- og naturopplevingar. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap til idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet. Her finn du korte etapper med store naturopplevingar.

  1. Askvoll
  2. Askvoll
  3. Værlandet og Bulandet
  4. Askvoll
  5. Askvoll
  6. Fjaler
1.

Askvoll

6.1 km20 minutt
Varighet:

Askvoll - Follevåg

Frå Askvoll syklar du nordover langs Granesundet mot Follevåg. Her kan du sjå sola gå heilt ned i havet, eller finne små, skjulte steinstrender. Turen mot Follevåg gir deg store naturopplevingar i lett terreng, og passar for heile familien.

Du kan leige sykkel hos Askvoll Fjordhotell. Her finn du både vanleg sykkel, barnesykkel og el-sykkel.

Vakker utsikt|© Visit FjordKysten
2.

Askvoll

12 km1 dag
Varighet:

Atløy

På smale vegar med lite trafikk er Atløy ei perle å utforske med sykkel. Ver obs på ferjetidene, då det kan vere meir trafikk på vegane. Ta til venstre i Gjervika og sykle mot Herland, ca. 12 km. På vegen anbefala vi eit stopp ved Vilnes kyrkje, ei vakker langkyrkje i tømmer bygd i 1674.

Få stadar har så rik og mangfaldig geologisk historie som Askvoll-området, og ca. 2 km før Herland finn du fjellformasjonen Brurastakken. Med sine svarte, kvite og grøne stripar liknar det på skjørtet til ei brur, derav namnet. Fjellformasjonen ligg godt synleg når du kjem sjøvegen og er eit eldorado for geologar på feltarbeid. Her får du ein fantastisk 360 graders utsikt på få høgdemeter, og fjellformasjonen har også eige geologiløype.

Atløy har ikkje kafétilbod, så ei god niste kan vere godt å ha med. Det er også mogleg å handle på lokalbutikken som ligg midtvegs mellom ferjekaia og Herland.

3.

Værlandet og Bulandet Askvoll

Varighet: 1 dag

Værlandet og Bulandet

Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden ligg øysamfunna Værlandet og Bulandet som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter veg. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane saman har du storslått utsikt over øyer og hav. I sommarsesongen kan du enten før eller etter sykkelturen reise på øyhopping mellom Bulandet og Solund.

Butikkane Joker Værlandet og Joker Bulandet ligg på kvar sin ende av det vakre øyriket. Joker Værlandet er lett tilgjengeleg når du kjem med ferja frå Askvoll, og Joker Bulandet er lett tilgjengeleg når du øyhoppar mellom Solund og Bulandet. Du kan leige og levere sykkelen på kva som helst av dei to butikkane – du kan med andre ord velje om du ønskjer å sykle ein veg eller fram og tilbake.

Det er anbefalt å reservere sykkel på førehand ved å ringe til staden du ønskjer å leige sykkel i frå.

Værlandet handel: +47 577 30 120

Joker Bulandet: +47 577 32 144

4.

Askvoll Fjaler

Varighet:

Askvoll - Dale via Holmedal

Frå Askvoll syklar du gamlevegen langs fjorden mot Holmedal. Her anbefala vi eit stopp ved fabrikkutsalet på Helle Fabrikker som har laga sportsknivar og bestikk i over 80 år. Sykle vidare mot Rivedal. Her kan du ta ein rast ved statuen av Ingolf Arnarson som grunnla den første busetjinga på Island. Sykle vidare langs den flotte vegen på nordsida av Dalsfjorden, med panoramautsikt over fjorden og over Dalsfjorden til Dale. Her finn du i tillegg til butikkar og kaféar Jakob Sande-tunet, med omvisingar og bokkafé. Er du lysten på eit bad anbefala vi den sentrumsnære Badevika, med flott sandstrand og friluftsområde.

Ingolf Arnarsson