Hopp til hovedinnhold

Opplev den idylliske byen Florø frå sykkelsetet. Terrenget er flatt og fint og på få timar kan du oppleve bysentrum med koselege kafear og butikkar, fine byvatn og museum, til den flotte skjergarden rett utanfor.

  1. Florø
  2. Florø
  3. Florø
  4. Svanøy
  5. Florø
  6. Florø
1.

Florø

3,8 km17 minutter
Varighet:

Strandgata - Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Starten turen din frå turistinformasjonen som ligg i hjarte av Florø. Her kan du leige sykkel om du ikkje har med din eigen, og få gode tips til opplevingar i området.

Sykle forbi sjarmerande kafear og fine butikkar i Strandgata. Her er det fint å handle med seg lunsj som du kan nyte på turen. Ta til høgre i Torggata og sykle opp til Markegata. Kryss Markegata og fortsett opp bakken til du kjem til Storevatnet. Her syklar du langs det idylliske vatnet heilt til enden.

Kystmuseet og Brendøya

Sykle vidare opp ein liten bakke til du kjem til ein parkeringsplass. Fortsett litt til før du tek til høgre opp Kleiva på bilveg. Her er det rimeleg bratt. Når du kjem til toppen syklar du nedover til Båtevika. Sykle over gang- og sykkelsti med grussti og bruer på vegen til Kystmuseet. Rett før du kjem til Kystmuseet ser du Brendøya. Om sommaren går geiter på beite her. Geitene er selskapssjuke, og det er spesielt populært å ta med barn dit.

På Kystmuseet er det fint med ein stopp der du kan sjå glimt av dagleglivet ved kysten – frå steinalder til oljealder.

2.

Florø

2 km8 minutter
Varighet:

Kystmuseet - Sørstrand Folkepark

Etter ein flott tur på Kystmuseet syklar du Brendøyvegen vestover til Vågevegen. Her tar du til venstre ned Sørstrandvegen. Sykle forbi ein barnehage, og vidare eit par hundre meter før du er inne i turområdet til Sørstrand. Her finn du fleire stiar i området, perfekt om du vil lage deg fleire rundturar. Om sommaren er det ope kiosk og sanitæranlegg. Det er fint å nyte lunsjen sin her nede.

Sørstrand Folkepark
3.

Florø

3,7 km22 minutter
Varighet:

Sørstrand - Storeåsen

Etter ein kvil syklar du tilbake mot hovudvegen. Når du har komme opp til hovudvegen tek du til høgre også til venstre i første kryss. Det er bratt stigning med asfalt før det slakkar ut og går over til grusveg. Her er det kupert grusveg over åsen før du startar nedover igjen. Når du kjem ned til ein bunker kan du ta ein avstikkar til venstre opp på utsikten der du ser ut over Florø-skjergarden. Fortsett syklinga ned ein bratt bakke der du får stadion i front. No er du kun eit steinkast frå sentrum.

Storeåsen|© Lillian Herland
4.

Svanøy

Varighet: 1 dag

Sykle på Sunnfjords perle Svanøy

Ta rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø til Svanøybukt. Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle», er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Billett til rutebåten får du kjøpt ombord.

Svanøybukt kai - Kvalstad - Erikstad - Svanøybukt kai

Start å sykle frå kaia og følg hovudvegen til Svanøy Hovedgård. I sommarsesongen kan du bu og ete her i historiske omgjevnader. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods, og haugianerbevegelsen bygde hovudhuset slik det står no.

Ta til høgre i krysset ved Hovedgården. Her kjem du til ein smal bilveg med lite trafikk. Du syklar i lett kupert, men flatt terreng. Ved andre avkøyrsla til venstre er det mogleg å sykle inn ein grusveg. Den går over dyrka mark, og ca. 1 kilometer innover i skogkledd terreng. Om du er observant kan du sjå restar etter gruvedrift. Ved veis ende går det sti ned til sjøen. Her er det flotte berg og ei rastepause.

Tilbake på hovudvegen syklar du vidare på Biskop Svanes veg til du kjem til krysset til Kvalstad. Langs Kvalstadvegen syklar du først forbi Midtvatnet på høgre side, og så Kvalstadvatnet på venstre side. Det er særs idyllisk å sykle her så ta deg god til og sjå deg rundt.

Få nærkontakt med hjortene på Norsk Hjortesenter

Etter ein knapp sving er det ein lang nedoverbakke til Norsk Hjortesenter. Her kan du sjå hjorten gå og beite, og er du heldig ser du kaninane. Når du nærmar deg garden kan du sjå store flokkar med dyr. Garden er ope for omvising etter avtale.

Ønskjer du å kombinere sykkel og fjelltur kan du ta ein avstikkar mot Vågsfjellet. Dette er ein fin merka tur i nydeleg og frodig terreng. Du vil bli belønna med ei fabelaktig utsikt på toppen.

Sykle i naturskjønne omgjevnader

Etter eit besøk på Norsk Hjortesenter syklar du opp igjen til krysset. Ta til venstre og sykle vidare til Erikstad. Du syklar forbi det gamle skulehuset på Våg. Her syklar du i naturskjønne omgjevnader. Garden Erikstad har ei lang historie og i følgje ei tolking frå Harald Hårfagre si soge kan det tyde på at vikingkongen Eirik Blodøks vart oppfostra her i åra kring 900 e.kr.

Vel tilbake på Svanøybukt kan du nyte eit godt måltid på Svanøy kro. Her får du servert gode måltid med lokale produkt.

5.

Florø

Varighet: 1 dag

"Den grøne smaragd" Askrova

Ta rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø til øya Askrova. Her syklar du i retning Valvika langs den idylliske vegen som på heile turen ligg langs sjøen. Etter om lag ein kilometer kjem du til Espeseth der bedehuset ligg på venstre side. Bedehuset er i dag brukt til gudsteneste, barnedåp, konsertar og andre arrangement. Bygget vart planlagt på 1920-talet, men vart ikkje ferdig før etter krigen.

Om litt kjem du til skulehuset og grendehuset. Skulen vart lagt ned i 2006, men både skulehuset og grendehuset vert brukt av lokalbefolkninga til å arrangere markeringar, overnatting, skaldyrfest og vidare.

Trollhola

Sykle vidare til du kjem til siste svingen før Valvika. Der kan du sette frå deg sykkelen og besøk Trollhola. Det er skilta ved hovudvegen og merka sti opp til inngangen. Trollhola er ei stor og spanande grotte, men det er liten og bratt inngang til grotta, så vær forsiktig om det har regna då det er glatt og stein kan ligge laust i bakken før du kjem opp til inngangen. Inni grotta er det ein stor hall. Her finn du mykje du kan utforske og sjå på. Det er flotte drypsteinar som heng frå taket, og du kan også sjå restar frå helleristningar. Ved ferdsel i Trollhola anbefalast det å vere minimum to personar i lag og alle må ha med lommelykt/hovudlykt.

Kombiner sykkel og fjelltur

Ønskjer du å forlenge sykkelturen kan du kombinere den med ein fjelltur til Skaratoppen, 219 meter over havet. Sykle tilbake mot rutebåtkaia og ta til venstre mot Hammarset. Her er det stigning eit godt stykke til du kjem opp til Vallestad. Her finn du skilta sti innover øya, til draumeplassen Ørnereiret og til Skaratoppen. Dette er ein lett tur som passar for store og små. Det er utedo ved Ørnereiret, og det er mogleg å fiske i Hammarset- og Valvikvatnet.

6.

Florø

Varighet: 1 dag

Sykkeltur på Reksta

Ta turen til den innhaldsrike øya Reksta vest i havet. Båten legg til i Rognaldsvågen der du også finn nærbutikken. Start turen med å sykle til Indre Reksta. På vegen ut vil du sykle forbi bedehuset og skulen som ligg på di høgre hand. Når du kjem så langt at du svingar til høgre startar du på ei lita stigning over skaret til Indre Reksta. Her kan du sette frå deg sykkelen og gå innover til Trollhola. Dette er ei spennande hole som går 50 meter inn over fjellet. Om du ønskjer ei lenger tur kan du gå rundt Storefjellet, ein flott tur på sti.

Frå sykkelen oppe i skaret syklar du ned til Indre Reksta. Når du kjem til endes på asfalten ser du den gamle skulen på Reksta. Sykle tilbake same vegen og ta så av til venstre mot Ytre Reksta. Her er det sti tilbake til Rognaldsvågen, og det er mogleg å sykle delar av den.