Hopp til hovedinnhold

I Måløy har nærleiken til havet satt sitt preg på både næringsliv, landskap og menneske. Med storhavet som nærmaste nabo ligg Måløy vakkert til med høge fjell, spektakulære fyrtårn og krittkvite strender. Her står opplevingane i kø.

  1. Måløy
  2. Måløy
1.

Måløy

9,9 km40 minutt
Varighet:

Sykle langs Oppedalsvegen mot bygda Oppedal. Etter 5 kilometer kjem du til Vågsberget handel- og gjestgjevarstad. Vågsberget er ein av dei beste bevarte av sitt slag i Norge. Om sommaren er hovudbygningane ope slik at du kan få ei minnerik reise gjennom den staslege hovudbygningen og den innhaldsrike krambua. Det er også kafé i driftsbygningane der du kan nyte ein kopp kaffi før ferden går vidare.

Torskangerpollen

Etter eit stopp på Vågsberget syklar du vidare mot Vågsvåg og Torskangerpollen. Innerst i pollen ligg fiskeværet med titals sjøhus, eller havstovene som dei også vert kalla. Desse er eit flott minne om ei tid då det var stort fiske i området.

Kannesteinen

Sykle vidare til bygda Oppedal og du finn Kannesteinen, ei spesiell stettforma stein som er blitt forma og slipt av hav og bølger gjennom tusenar av år.

Hendanes fyr

Ser du ut over sundet ser du Hendanes fyr. Ønskjer du å besøke fyret på same tur syklar du tilbake til Torskangerpollen og ut mot fyret. Den siste delen av vegen er ikkje egna for sykkel. Sett den frå deg på parkeringsplassen og spaser resten. Her er det flott å nyte solnedgangen.

Sykle tilbake til Måløy same vegen som du kom. Om du har tid til overs kan du svinge innom Måløyna som ligg under brua. Her finn du Frisbee golfbane og fine turistar.

Kannesteinen|© Visit FjordKysten
2.

Måløy

9.9 km40 minutt ein veg
Varighet: 1,5 time

Sykle mot Raudeberg og ta til venstre på Nordvågøyvegen. Her blir det litt stigning mot Skaredammen idrettspark. Når du kjem til Refvikvatnet syklar du rett fram i krysset som er skilta til Kvalheim og Kråkenes fyr. Sykle forbi den sjarmerande bygda Refvik og sjå den flotte gatekunsten som pryder husveggene. Refviksanden er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Nyt varme og fine sommardagar, eller ei av dei mange hauststormane.

På vegen heim har du to alternativ: å sykle same veg tilbake til Måløy, eller å sykle ein 5 kilometer lengre veg. På siste alternativet kan du nyte den flotte Sætrasanden, og forleng turen med ein fottur til Skongenes fyr.

Mellom høge fjell ligg Refviksanden|© Visit FjordKysten